Comacchio

kommune i Italia

Comacchio er ein by og ein kommune i provinsen Ferrara i regionen Emilia-Romagna i Italia. Byen har vel 22 000 ibuarar og dekker eit areal på 283 km². Han ligg 48 kilometer aust for provinshovudstaden Ferrara.

Bybilete i Comacchio
Comacchio sett frå lufta.

Byen Comacchio ligg ved ein lagune straks nord om munninga av elva Reno. Byen er bygt på meir enn tretten ulike holmar, som vert knytt saman med bruer. Fiskeoppdrett og utvinning av salt frå saltleie er viktigaste næringane i kommunen. Hamnebyen Porto Garibaldi ligg sju km aust for Comacchio.

Våtmarkene i kommunen, Valli di Comacchio, er verna av styresmaktene i Italia.

Kjelder endre