Commodore CBM-II serien var meint som ein oppfylgjar til Commodore pet/CBM-maskinane. Dei første utgåvene kom ut i 1982. CBM-II kom i to utgåver. P-serien var meint for bruk i heimen, medan B-serien var til kontorbruk.

Commodore CBM-II

ProdusentCommodore International
Typecomputermodell
ProsessorMOS Technology 6509
ForgjengarCommodore PET
EtterfølgjarCommodore VIC-20

P-serien nytta VIC-II, den same grafikkbrikka som var i Commodore 64. B-serien hadde ein monokrom skjerm, sidan ein ikkje trong kraftig grafikk til kontorbruk.

Ettersom Commodore 64 vart så populær som den var, vart aldri P-serien lansert i Amerika. P 500 vart gjeven ut i Europa, men selde berre i små antal. Den mest vanlege modellen var B128, men heller ikkje den vart nokon stor suksess.

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.