VIC-20 var ein 8-bit heimedatamaskin som vart laga av det amerikanske dataføretaket Commodore Business Machines. Datamaskina hadde ein MOS 6502 prosessor og 5kb med RAM, og hadde fysisk form liknande dei seinare Commodore 64- og C16-modellane. VIC-20 vart lansert lansert i juni 1980, 3 år etter PET-modellen, som var Commodore si fyrste heimedatamaskin.

Commodore VIC-20


ProdusentCommodore International
Typecomputermodell
ProsessorMOS Technology 6502
Lansert1980
Minne5 kibibyte
Operativsystem (OS)KERNAL
ForgjengarCommodore PET, Commodore CBM-II
EtterfølgjarCommodore 64

Namnet VIC kjem frå av grafikbrikka i datamaskina, Video Interface Chip. Denne brikka inneheldt også ei innebygd lydkrets. I motsetnad til det som var vanleg på heimedatamaskiner, står ikkje talet 20 for mengda kilobyte i RAM-minnet, noko som elles var vanleg på den tida (VIC-20 hadde 5kb).

Prosessoren som vart nytta er i prinsippet den same som vart nytta i etterfølgjaren Commodore 64.

Bakgrunnsstoff endre