Compas er ein musikksjanger frå Haiti. Han har lang bakgrunn, men vart modernisert på 1980-talet. Då gjekk han frå å vere basert rundt storband til små band med mykje bruk av syntar og gitarar med ekstra mykje choruseffekt. Compas har også fått ein avart med zouk. Wyclef Jean, som har opphavet sitt på Haiti, har gjort compasmusikken populær utanfor Haiti. Plata hans Haiti 101 er inspirert av compasmusikken.

Compas vert sunge på haitisk og melodien pleier å ha same akkordfølgje gjennom heile låten, bortsett frå i ein vri på slutten. Vanlegast er band med to syntar, ein elgitar, ein elbass, eit brasselement, ein vokalist, i tillegg til perkusjon og trommer. Elgitaren spelar vanlegvis melodiar, medan bassen spelar walking bass, ofte veldig stakkato. Når det gjeld trommene, er det gjerne hi-hat-cymbalen som spelar den viktigaste rolla. Brassen har gjerne ei mindre framtredande rolle, med nokre kortare melodiar i løpet av låten.

Artistar som spelar compas endre

  • Sweet Micky alias Michel Martelly
  • T-Vice
  • Top-vice
  • Carimi
  • Tabou Combo
  • Djakout Mizik
  • Alan Cavé og Zin

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre