Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest

Congratulations: 50 Years of the Eurovision Song Contest var eit fjernsynsprogram organisert av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) for å feire 50-årsjubileet til Eurovision Song Contest og røyste fram det mest populære bidraget. Showet var halde laurdag 22. oktober 2005 i Forum København i København i Danmark. Namnet Congratulations kjem frå songen «Congratulations» som enda på andreplass i Eurovision Song Contest 1968.

Congratulations:
50 Years of the Eurovision Song Contest
Dato
Vertskap
Stad
Forum København
København i Danmark
Programleiar(ar)
Katrina Leskanich og Renārs Kaupers
Kringkastar(ar)
DR
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Kart
Røysting
Eurovision Song Contest
Eurovision Song Contest 2005 Eurovision Song Contest 2006

Fjorten songar vart valde ut til å delteke. Songane vart valde ut av ein jury og frå ein meiningsmåling på Internett. 31 EBU-medlemsland kringkasta showet og fjernsynssjåarane og juryar frå desse landa kunne vere med på å røyste fram vinnaren. Showet vart ikkje kringkasta i Storbritannia, Italia og Frankrike. Det vart registrert om lag 2,5 millionar røyster.

Showet vart vunne den svenske gruppa ABBA med songen «Waterloo». Dei vann òg Eurovision Song Contest 1974 for Sverige.

I samband med arrangementet gav EBU ut to CD-ar med Eurovision Song Contest-songar frå dei 50 føregåande åra. To DVD-er med originale Eurovision Song Contest-framføringar av desse songane vart òg utgjeve.

Val av arena og programleiarar endre

I juni 2004 kunngjorde EBU at det ville verte halde eit show for å feire 50 årsjubileet til Eurovision Song Contest. Arrangementet skulle haldast 16. oktober 2005 i Royal Albert Hall i London. Det var den britiske kringkastaren BBC som skulle arrangere showet. Royal Albert Hall var truleg utilgjengeleg, så i august 2004 kunngjorde EBU at Danmarks Radio (DR) skulle arrangere showet i staden. Overoppsynsmannen til Eurovision Song Contest, Svante Stockselius, sa at Danmark sin tidlegare erfaring med å arrangere Eurovision-show, Eurovision Song Contest 2001 og Junior Eurovision Song Contest 2003, var innflytelsesrikt i valet til EBU.

Arrangementet fekk kodenamnet Extravaganza. 25. oktober 2004 vart København bekrefta som vertsby for arrangementet, som nå var planlagt å finne stad 22. oktober 2005. I mai 2005 vart Congratulations bekrefta som det offisielle namnet på showet. En månad seinare kunngjorde DR at Forum København skulle vere arena. 9. september 2005 annonsert DR at Katrina Leskanich og Renārs Kaupers skulle vere programleiarar. Leskanich var vokalist i Katrina and The Waves, som vann tevlinga for Storbritannia i 1997. Kaupers er vokalist i den latviske gruppa Brainstorm, som representerte Latvia då dei debuterte i 2000. Han var òg programleiar for tevlinga i 2003 då han vart arrangert i den latviske hovudstaden Riga.

Bidraga endre

# Land Artist Song Språk Runde 1 Runde 2
Poeng Plass Poeng Plass
01   Storbritannia Sir Cliff Richard «Congratulations» Engelsk 105 8
02   Irland Johnny Logan «What’s Another Year» Engelsk 74 12
03   Israel Dana International «Diva» Hebraisk 39 13
04   Spania Mocedades «Erés tu» Spansk 90 11
05   Vest-Tyskland Nicole «Ein bißchen Frieden» Tysk 106 7
06   Italia Domenico Modugno «Nel blu dipinto di blu» Italiensk 200 2 267 2
07   Sverige ABBA «Waterloo» Engelsk 331 1 329 1
08   Danmark Olsen Brothers «Fly on the Wings of Love» Engelsk 111 6
09   Luxembourg France Gall «Poupée de cire, poupée de son» Fransk 37 14
10   Tyrkia Sertab Erener «Every Way That I Can» Engelsk 104 9
11   Sveits Céline Dion «Ne partez pas sans moi» Fransk 98 10
12   Irland Johnny Logan «Hold Me Now» Engelsk 182 3 262 3
13   Storbritannia Brotherhood of Man «Save Your Kisses for Me» Engelsk 154 5 230 5
14   Hellas Élena Paparízou «My Number One» Engelsk 167 4 245 4

Kjelder endre