Coniston Water (vanlegvis berre kalla Coniston lokalt) er ein innsjø i Cumbria i England og den tredje største innsjøen i Lake District. Han er 8 km lang og opp mot 800 meter brei. Den største djupna er 56 meter og han dekkjer eit areal på 4,9 km². Innsjøen ligg 44 meter over havet. Vatnet har utsig via elva Crake.

Coniston Water
innsjø
Utsyn frå Holme Fell, 3 km mot nord
Land  Storbritannia
Utløp River Crake
Opphaldstid 340 dagar
Høgd over havet 43.6 moh.
Lengd 8,8 km
Breidd 0,793 km
Areal 4,7 km²
Middeldjupn 24,1 m
Største djupn 56,1 m
Volum 113,3 x 106
Kystlengd1 20,2 km
Koordinatar 54°21′N 3°04′W / 54.350°N 3.067°W / 54.350; -3.067
Øyar 5
Kart
Coniston Water
54°21′00″N 3°04′00″W / 54.35°N 3.0666666666667°W / 54.35; -3.0666666666667
Wikimedia Commons: Coniston Water
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Geografi endre

Coniston Water er forma av isbrear. Innsjøen ligg i ein djup u-dal rundt vulkanske bergartar og kalkstein.

Nordvest for innsjøen ligg Old Man of Coniston, det høgaste fjellet i Coniston Fells-gruppa.

Historie endre

 
Ordnance Survey-kart over Coniston Water frå 1925

Det er gjort funn etter gardsbruk frå bronsealderen nær breidda av Coniston Water. Romarane vann ut kopar frå fjellet oppfor innsjøen, og ein brenneomn med pottoske og to blestomnar i jern syner at den industrielle aktiviteten heldt fram i mellomalderen. På 1200- og 1300-talet var Coniston Water ei viktig fiskekjelde for munkane i Furness Abbey, som eigde innsjøen og landområdet kring. Kopargruvene var i drift kontinuerleg fram til 1800-talet.

Innsjøen heitte tidlegare Thurston Water, eit namn som kjem frå det norrøne personnamnet Torstein.[1] Dette namnet vart nytta som eit alternativt namn til seint på 1700-talet.[2]

Kunstnaren og filosofen John Ruskin eigde Brantwood House på austsida av innsjøen og budde der frå 1872 til han døydde i 1900. Ruskin er gravlagd i kyrkjegarden i landsbyen Coniston, ved nordenden for innsjøen.

I nyare tid har Coniston Water vorte kjend for ei kontroversiell mordsak. Carol Park, som budde ved innsjøen, vart drepen i 1976, men først tilfeldig funne av dykkarar i innsjøen i 1997.[3] Mannen hennar vart dømd for drapet, og tok i 2010 livet sitt i fengsel. Saka vert rekna som kontroversiell fordi mannen vart dømd på indisie og ingen klåre bevis, og mange meinte at han vart uskuldig dømd.[4]

Fartsrekord endre

På 1900-talet vart det gjort fleire forsøk på Coniston Water på setje ny fartsrekord på vatn. 19. august 1939 sette sir Malcolm Campbell ny rekord med 228,108 km/h på Coniston Water i Bluebird K4. Mellom 1956 og 1959 sette sonen til Sir Malcolm's, Donald Campbell fire etterfølgjande rekordar i Bluebird K7, eit vassfly.

I 1966 følte Donald Campbell at han måtte nå 300 miles per hour (483 km/h) for å halde på rekorden. 4. januar 1967 oppnådde han ein toppfart på 515 km/h i Bluebird K7 under forsøket. Han mista så kontroll over fartøyet som vart rundkasta, kræsja og sokk. Campbell mista livet. Liket av Campbell og fartøyet hans vart henta til overflata i 2001.

Kjelder endre

  1. http://web.ukonline.co.uk/sw.rae/tarns.htm Arkivert 2009-06-27 ved Wayback Machine. Derivation of the Names of Lake District Lakes and Tarns
  2. http://www.geog.port.ac.uk/webmap/thelakes/html/west/ws02fram.htm West 1784, 'A Map of the Lakes in Cumberland, Westmorland and Lancashire'
  3. BBC NEWS - Vigil for Lady in the Lake killer
  4. Lean, Sandra. «The Case of Gordon Park». No Smoke: The Shocking Truth About British Justice.... Cornwall, UK: Exposure Publishing. s. 61–79. ISBN 978-1-84685-704-1.

Bakgrunnsstoff endre