Constantine Bay er ein liten landsby med ei fin strand nær Padstow i Cornwall i England. Han ligg like ved Booby's Bay.

Constantine Bay
landsby
Land  England
Kart
Constantine Bay
50°31′49″N 5°00′45″W / 50.5304°N 5.01245°W / 50.5304; -5.01245
Wikimedia Commons: Constantine Bay

Stranda vert mykje nytta til surfing. Det er badevakt her om sommaren. Margaret Thatcher ferierte mykje i Constantine Bay då ho var statsminister.[1]

Det finst enkelte fasilitetar ved stranda, som parkering og offentlege toalett.

Kjelder endre

  1. Brian Viner (11. august 2004), «Cornwall Life: Padstow's meteoric rise», The Independent, arkivert frå originalen 27. september 2007, henta 21. desember 2009