Cook-øya i Eldlandet

Cook-øya i Eldlandet (spansk Isla Cook eller Isla London) er ei mindre chilensk øy i øygruppa Eldlandet. Øya ligg vest for Gordon-øya og aust for den større Londonderry-øya. Øya høyrer også til Alberto de Agostini nasjonalpark.

Cook-øya
øy
Cook-øya nedteikna som Isla London.
Offisielt namn: Isla Cook, Isla London
Land  Chile
Region Magallanes y de Antartica Chilena
Provins Magallanes
Stad Eldlandet
Folketal 0
Kart
Cook-øya i Eldlandet
54°57′S 70°21′W / 54.95°S 70.35°W / -54.95; -70.35

Øya vart oppkalla etter kaptein James Cook. Cook vitja aldri øya sjølv, men sigla forbi øya den 19. desember 1774. Bukta han då passerte gjennom fekk seinare namnet Cook-bukta.

Kjelder endre