Copinsay (norrønt Kolbeinsey) er ei øy i Orknøyane i Skottland, som ligg aust for Orkney Mainland. Ei lita øy like nordaust for Copinsay heiter Horse of Copinsay. Øya er ikkje lenger busett og har status som fuglereservat. Det står eit fyr på øya.

Copinsay
Geografi
Copinsay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°54′N 2°40′W / 58.9°N 2.67°W / 58.9; -2.67
Øygruppe Orknøyane

Areal 0,73 km²

Høgaste punkt 64 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Orknøyane

Demografi
Folketal 0

Sørover frå austsida av Horse of Copinsay. Copinsay fyr står på høgda i bakgrunnen.

Før dei siste innbyggjarane flytta til Mainland i 1958, var Copinsay full av liv i fleire generasjonar. Øya hadde skule og opp til fyrvaktarfamiliar i tillegg til ein gard med familie. Det finst òg ein gammal gravplass på øya.

Copinsay blei kjøpt av den britiske ornitologiorganisasjonen RSPB i 1972 til minne om naturforskaren James Fisher.[1] Sjølv om øya er fråflytta, blir nokre åkrar framleis dyrka for å gje høvelege levetilhøve for den sjeldne fuglen åkerrikse. Ein kan sjå lundefugl i området i juli.

Saman med tre holmar i nærleiken (Corn Holm, Ward Holm og Black Holm) har Copinsay status som eit særskilt (Special Protection Area, SPA) ettersom grasdekket og dei bratte sandsteinsklippen dannar gode hekkjetilhøve for sjøfugl.[2]

Det er ein stor koloni med gråsel på øya. Dei får vanlegvis ungar i november kvart år.

Kjelder endre

  1. «Copinsay reserve». RSPB. 
  2. «Copinsay SPA description». JNCC. Arkivert frå originalen 4. februar 2011. Henta 22. februar 2015.