County Cork (irsk Contae Chorcaí) er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster.

County Cork
Contae Chorcaí
Land  Irland
Del av Irland
Hovudstad Cork
Areal 7 457 km²
Folketal 480 909  (2006)
Folketettleik 64 / km²
Provins Munster
Bilnummer C
Kart
County Cork
52°00′N 8°45′W / 52°N 8.75°W / 52; -8.75
Wikimedia Commons: County Cork
Nettstad: www.corkcoco.ie

County Cork grensar til Limerick i nord, Tipperary og Waterford i aust, Det keltiske havet i sør og Atlanterhavet og Kerry i vest.

Det vart formelt oppretta som grevskap i 1606 då det gamle grevskapet Desmond vart delt i grevskapa Cork og Kerry. Det er òg kjend som The Rebel Country fordi det ofte har hatt ein framståande rolle under tidlegare opprør. Administrasjonsbyen er Cork, som òg utgjer eit eige grevskapsdistrikt, City of Cork. Byen er den nest største i Republikken.

Den mest kjende staden ved sidan av byen Cork er nok Cobh, tidlegare Queenstown, der særs mange utvandrarar gjekk om bord på skip til USA, Canada, New Zealand og Sør-Afrika. Cobh var òg den siste hamna der RMS «Titanic» låg til.

Den vestlege delen av Cork er eit populært turistmål. Området har ei rekkje små landsbyar og øyar, inkludert Sherkin Island, Clear Island og Dursey Island. Mizen Head er det mest sørvestlege punktet på Irland.

I 1601 vart slaget ved Kinsale utkjempa i Cork. Dette slaget var det siste store nederlaget for det gamle irske artistokratiet, og la vegen open for engelsk dominans.

Cork har to gaeltachtaí (irsktalende område): Múscraí i nord og Oileán Chléire, ei øy i vest.

Byar og landsbyar i County Cork endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre