County Meath (irsk Contae na Mí, «midten») er eit grevskap i Republikken Irland aust på Irland i provinsen Leinster. Det vert òg kalla The Royal County, men dette har aldri vore eit offisielt namn. Administrasjonsbyen er Navan, men enkelte offentlege kontor ligg òg i Trim, som er ein historisk viktig by.

County Meath
Contae na Mí
Våpen
Land  Irland
Del av Irland
Hovudstad Navan
Areal 2 342 km²
Folketal 162 831  (2006)
Folketettleik 70 / km²
Provins Leinster
Bilnummer MG
Kart
County Meath
53°40′00″N 6°40′00″W / 53.666666666667°N 6.6666666666667°W / 53.666666666667; -6.6666666666667
Wikimedia Commons: County Meath
Nettstad: www.meath.ie

County Meath grensar til Louth, Monaghan og Cavan i nord, Westmeath i vest, Kildare i sør og Dublin i aust. I tillegg har Meath kystlinje mot Irskesjøen.

I nyare tid har det vore ei forflytting av folkesetnaden i Meath, slik at dei nordlege og vestlege delane har opplevt utflytting, medan det i den austlege delen har kome mange innflyttarar, dei fleste frå Dublin.

Meath var opphavleg kjernen i ein eigen provins, Meath, men denne vart ein del av Leinster. Grevskapet omfatta heile Westmeath fram til 1543, då Westmeath vart eit eige grevskap.

I mellomalderen sat overkongen av IrlandTara i Meath. Staden er derfor kulturelt viktig for irane. Ei anna viktig historisk stad er den 5000 år gamle gravstaden Newgrange, som er ein verdsarvstad.

Byar og landsbyar endre

Byar endre

Landsbyar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre