Courvoisier er eit konjakkmerke eigd av Beam Inc. Det blir rekna som ein av «dei 4 store» innan konjakk, saman med Hennessy, Remy Martin og Martell. Produksjonen er no lokalisert til Jarnac i departementet Charente i Frankrike. sjølv om det ikkje finst noko prov på at Courvoisier cognac var favorittdrikken til Napoleon Bonaparte som døydde i 1821, før Courvoisier var offisielt skipa av Felix Courvoisier i 1835, hevder selskapet på si heimeside det fyljande:

Courvoisier VS (Very Special) cognac
« Starten på historia vår går attende til starten på det 19. hundreåret med Emmanuel Courvoisier og hans kompanjong, Louis Gallois, som dreiv ein vin- og sprithandel, i Paris-forstaden Bercy. I gjesta 1811 Napoleon handelshuset deira i Bercy og vart motteken av Louis Gallois, ordføraren, og Emmanuel Courvoisier. Legenda fortel at Napoleon I seinare tok med seg fleire tønner med konjakk til St. Helena, noko som vart sett pris på av dei engelske offiserane på skipet som kalla han 'The Cognac of Napoleon'.[1] »

Dette blir rekna for å vere den første hedersnemninga som vart knytt til Courvoisier-konjakk. Om dette var avgjerande for at sonen hans etablerte konjakkhuset Courvoisier seier historia ingenting om. Men han starta opp i 1843, saman men Jules Gallois. Etter at Felix døydde i 1866 overtok nevøane hans, brørne Curlier, drifta. Like etter, i 1869, fekk huset rett til å kalle seg «Fournisseur officiel de la Cour Impériale» (Offisiell leverandør til det keisarlege hoff). Dette sertifikatet eksisterer den dag i dag i museum til Courvoisier i Jarnac. Det har òg motteke prisen «Prestige de la France», ein pris for kvalitet som heng høgt i Frankrike. Dette er det einaste konjakkhuset som har mottatt denne prisen.

I 1909 kom huset på engelske hender, ved brørne Guy og Georges Simon. Dei bygde opp merket og skapte eit godt omdømme på verdsbasis. Det var dei som etablere tilknytinga til Napoleon, ved m.a. å nytte silhuetten til Napoleon og logoen «Le Cognac de Napoleon». Frå like etter 2. verdskrig til 1970-talet blei huset leida av den norskætta Christian Braastad.

I 1964 vart Courvoisier kjøpt opp av den kanadiske gruppa Hiram Walker. Det førte til auka internasjonalt sal. Hiram Walker vart så kjøpt opp av Allied Lyons i 1986. Når Pernod Ricard vart overteke av Allied Domecq, vart Courvoisier overført til eigarskapet Fortune Brands som i 2011 skilte ut ulike produktlinjer til det nyoppretta spritselskapet Beam Inc.

Utval av produkt endre

Courvoisier nyttar berre druer av sorten Ugni Blanc til konjakken sin, og hentar druer og vin berre frå dei fire beste konjakkområda; Grande Champagne, Petite Champagne, Borderies og Fins Bois. Sortimentet deira inneheld:

  • VS
  • VSOP Fine Champagne – 8-10 års fatlagring
  • VSOP Exclusif – 6-10 års fatlagring, laga for den asiatiske marknaden, men kan kjøpast i Noreg. Alle dei fire konjakkområda Courvoisier nyttar er representerte.
  • Napoleon Fine Champagne
  • XO Imperial – Stor del frå Borderies (30-35 års fatlagring) og noko frå Grande og Petite Champagne (minimum 20 års fatlagring)
  • Initiale Extra
  • Succession JS – Laga i samband med 200-årsjubileet for kroninga av Napoleon i 1804
  • L'Esprit de Courvoisier – Berre 2000 flasker er produserte, ei blanding av husets eldste konjakkar, dei eldste delane er frå 1802 (og noko frå 1844, 1848 og 1865). Denne koster kr 39 000 på Vinmonopolet.

I 2006 lanserte dei òg en parfyme; Impériale Courvoisier.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre