Coverdale and Page

Coverdale and Page var eit samarbeid mellom tidlegare Whitesnake- og Deep Purple-songar David Coverdale og tidlegare Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page. Dei starta å spele i lag i 1991 og gav ut albumet Coverdale and Page i 1993. Dei gav òg ut fem singlar.

Coverdale and Page
OpphavStorbritannia
Aktiv1991–1993
SjangerHardrock, bluesrock, heavy metal
Tilknytte artistarLed Zeppelin, Whitesnake, Deep Purple, Page and Plant
PlateselskapEMI (Storbritannia)
Geffen (USA)
Tidlegare medlemmerDavid Coverdale
Jimmy Page
Denny Carmessei
Ricky Phillips

Det har vorte indikert at Page samarbeidde med Coverdale for ergre Robert Plant, tidlegare songar i Led Zeppelin, som fram til då var motvillig til å spele i lag med Page igjen.[1] I intervju på denne tida hadde Plant ein viss tendens til å latterleggjere Coverdale.[2] Rykte ville ha det til at Coverdale og Page ville gjenforeine Led Zeppelin i lag med John Paul Jones og Jason Bonham, men dette vart aldri noko av.

Studioalbumet gav Page den største salssuksessen hans sidan dagane med Led Zeppelin. Etter fleire konsertar i Japan og dårleg bilettsal på den påfølgjande verdsturneen, vart bandet lagt ned. Page slo seg så saman med Plant for «UnLedded» på MTV og Coverdale dukka frå tid til tid opp i Whitesnake.

Tidlegare bandmedlemmar endre

Diskografi endre

Album endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Prato, Greg. «Coverdale/Page». Vh1. Arkivert frå originalen 29. desember 2007. Henta 28. mars 2011. 
  2. Led-Zeppelin.org. «Led Zeppelin Assorted Info». Arkivert frå originalen 16. februar 2012. Henta 28. mars 2011.