Crème brûlée (fransk for 'brent krem') er ein dessertpudding laga av eggeplomme, sukker, fløyte og smakt til med vanilje eller ei anna tilsetjing, som kaffi, kanel eller lakris.

Crème brûlée i porsjonsform.
Brenning av karamelloket med gassbrennar.
Crème brûlée utav forma.

Tillaging endre

Ein lager crème brûlée ved å koka opp fløyte (og eventuelt mjølk) og blanda med vanilje og eventuelt sukker før ein piskar inn eggeplomma. Puddingen blir typisk laga i eldfaste porsjonsskåler eller koppar. Desse blir steikte i omn på nokså låg varme, gjerne i vassbad, og avkjølt. Til slutt «brenn» ein sukker oppå. Dette kan gjerast i ein grill, med gassbrennar eller flambering.

Crème brûlée blir ofte servert lunken eller ved romtemperatur. Han er ein vanleg dessert på restaurantar, og blir også seld som ferdigmat.

Historie endre

Den eldste kjende omtalen av retten er i François Massialot si kokebok frå 1691.[1] Det franske namnet blei brukt i den engelske omsetjing av denne boka, men 1731-utgåva av Massialot si Cuisinier roial et bourgeois brukte namnet «crème anglaise» ('engelsk krem') på same oppskrifta.[2] På 1700-talet var desserten kjend som «burnt cream» på engelsk.[3]

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Oppskrifter

Kjelder endre

  1. 1691-oppskrifta med notar Arkivert 2007-02-13 ved Wayback Machine.. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. Harold McGee, On Food and Cooking: The Science and Lore of the Kitchen (Simon and Schuster) 2004:97. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  3. The Oxford English Dictionary har eit døme frå 1723. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.