Craiova (/kra'jo.va/) er den sjette største byen i Romania og hovudstaden i Dolj fylke. Han ligg nær austbreidda av elva Jiu sentralt i Oltenia. Han har lenge vore eit politisk senter og ligg om lag halvvegs mellom Dei sørlege Karpatane i nord og Donau i sør. Craiova er det største handelssenteret vest for Bucureşti og den viktigaste byen i Oltenia (Vesle-Valakia).

Craiova
Horisonten til Craiova
Horisonten til Craiova
Byvåpenet til Craiova
Byvåpenet til Craiova


Plassering
Craiova is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Dolj
Borgarmeister Lia Olguța Vasilescu
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

81,41 km²
1498.62 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik
 - Storbyområde

234 140
  2 876,1 /km²
321 167
Koordinatar 44°20′0″N 23°49′0″E / 44.33333°N 23.81667°E / 44.33333; 23.81667
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer RO-200000
Retningsnummer (tlf) +40 02 51
Bilnummer DJ
Nettstad: www.primariacraiova.ro

Historie endre

Craiova, som ligg på same stad som den dakiske og romerske byen Pelendava, var tidlegare hovudstad i Oltenia. Den høgaste bojartittelen i Valakia var banen, ein posisjon som Craiovești-familien i starten hadde. Banane hadde rett til å prege eigne myntar med eigne bilete og dette var opphavet til det rumenske ordet ban for myntar.

I 1395 var Craiova truleg åstad for eit slag som den valakiske fyrsten Mircea I av Valakia vann over Bayezid I, Sultan av Det osmanske riket (sjå slaget ved Rovine).

Craiova vert ofte omtalt som ein by etter første halvdel av 1500-talet og vart rekna som ein viktig økonomisk region i Valakia og heile Romania. I 1718-1737 okkuperte Habsburg Oltenia og Craiova vart mindre viktig på grunn av auka sentralisering. I 1761, under fyrst Constantine Mavrocordatos, flytta banane til Bucureşti og lét kaymakamane representere seg i Craiova.

Under fyrst Emanuel Giani Ruset vart sete i Valakia flytta til Craiova (1770-1771) sidan staden vart sett på som ein tilfluktsstad under den russisk-tyrkiske krigen 1768-1774. Ein stor del av byen vart brend ned av opprørspasjaen Osman Pazvantoğlu i 1800.

Under det valakiske opprøret i 1821 slo innbyggjarane i dagens Dolj fylke seg saman med Tudor Vladimirescu sine Pandurs og medverka til toktet mot Bucureşti. Dei to første tiåra på 1800-talet blømde Craiova økonomisk, basert på handverk og offentlege tenester. Då Det russiske keisardømet okkuperte byen og under tidleg i Regulamentul Organic-styret (1828-1834) auka byen det økonomiske utbyttet. I 1832 var det 595 butikkar, 197 av dei var i brakker og 398 i hus bygd av murstein. På denne tida eksporterte Craiova kveite, pels, lêr, levande dyr og andre produkt til Det austerrikske og Det osmanske riket.

Costache Romanescu, ein borgar frå Craiova, var av leiarane i den provisoriske regjeringa under den valakiske revolusjonen i 1848. Valakia sine to siste herskarar, Gheorghe Bibescu og Barbu Dimitrie Știrbei, kom frå ein viktig bojarfamilie i Craiova – Bibescu-familien.

Rundt 1860 var det 4633 bygningar i Craiova, der 3220 av desse var hus, 26 kyrkjer, 11 skular og 60 fabrikkar og verkstader. I tillegg husa byen om lag 90 industriverksemder, der tolv var møller, tre ølbryggeri, to olje- og gassfabrikkar, fire garveri og to boktrykkeri.

Perioden etter sjølvstendekrigen var ien periode med økonomisk og kulturell framgang. På slutten av 1800-talet hadde Craiova om lag 40 000 innbyggjarar med små fabrikkar (som produserte kjemikaliar, jordbruksvarer og byggemateriale) og tekstilfabrikkar. 26. oktober 1896 kom kraftverket i Craiova i drift. Craiova var den første byen i landet som fekk elektrisk straum ved hjelp av forbrenningsmotorar.

I mellomkrigstida vart det lite industrialisering i tillegg til det som alt var. Etter den rumenske revolusjonen i 1989 og innføringa av fri marknad og desentralisering, vart mykje av industrien privatisert. Sjølv om industrien har vorte påverka av økonomiske endringar står han framleis sterkt i byen og utgjer om lag 70 % av det økonomiske utbyttet til Craiova.

Busetnader endre

 
Kommunen Craiova innanfor Dolj fylke

Craiova er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Folketal 2011[2] Folketal 2021[1]
Craiova 258 340 225 349
Făcăi 1 050 777
Mofleni 1 547 648
Popoveni 1 250 1 026
Șimnicu de Jos 1 106 1 277
Cernele 4 783 2 857
Cernelele de Sus 182 1 153
Izvorul Rece 617 483
Rovine 631 570

Storbyområde endre

Storbyområdet til Craiova omfattar Craiova og 25 andre kommunar, med eit samla folketal på 321 167.[3][4]

Kommune Folketal 2021[1]
Craiova municipiu 234 140
Filiași oraș 5 031
Segarcea oraș 7 356
Almăj comună 1 792
Brădești comună 4 248
Bratovoești comună 3 230
Breasta comună 4 201
Bucovăț comună 4 011
Calopăr comună 3 667
Cârcea comună 4 644
Coșoveni comună 3 238
Coțofenii din Dos comună 2 191
Coțofenii din Față comună 2 121
Ghercești comună 2 132
Ișalnița comună 4 042
Malu Mare comună 7 548
Mischii comună 1 782
Murgași comună 2 191
Pielești comună 4 666
Predești comună 1 770
Șimnicu de Sus comună 5 733
Teasc comună 3 059
Terpezita comună 1 360
Țuglui comună 2 734
Vârvoru de Jos comună 2 641
Vela comună 1 639
Total 321 167

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023. 
  2. «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente ('Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar')» (på rumensk). Institutul Național de Statistică ('Det nasjonale instituttet for statistikk'). 31. oktober 2011. Henta 10. september 2023. 
  3. «Componenta (Deltakarar)». Zona Metropolitană Craiova. 2022. Henta 28. september 2023. 
  4. «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022. 

Bakgrunnsstoff endre