Cromarty (skotsk-gælisk Cromba) er ein landsby i regionen Highland i Skottland. Han har kring 700 innbyggjarar. Han har historisk status som kongeleg Burgh. Byen var hovudstad («County seat») for det tradisjonelle grevskapet Cromartyshire.

Cromarty

skotsk-gælisk Cromba
Utsikt over fjorden og Cromarty. Foto: Bob Jones
Utsikt over fjorden og Cromarty.
Foto: Bob Jones
Utsikt over fjorden og Cromarty.
Foto: Bob Jones
Plassering
Cromarty is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Ross and Cromarty
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

719
Koordinatar 57°41′N 4°2′W / 57.683°N 4.033°W / 57.683; -4.033
Diverse annan informasjon
Postnummer IV11
Telefon-retningsnummer 0 1381
Commons har multimedium som gjeld: Cromarty

Cromarty ligg på nordaustkysten av Skottland, på sørsida av innløpet til Cromarty Firth frå Moray Firth. Invergordon ligg om lag sju kilometer lenger vest på andre sida av fjorden.

Det blir arrangert ein årleg filmfestival i Cromarty.[1]

I 1846 vart det bygd eit fyr ved Cromarty, tårnet er 13 meter høgt. Fyret vart automatisert i 1985, og sløkt i 2006.

Kjelder endre