Crowborough er den største byen i innlandet i East Sussex i England. Han er administrasjonssenter for distriktet Wealden, sjølv om nokre offentlege kontor er plassert i Hailsham.

Crowborough

Crowborough Cross
Crowborough Cross
Crowborough Cross
Plassering
Crowborough is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap East Sussex
Distrikt Wealden
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

20 000
Koordinatar 51°4′N 0°10′E / 51.067°N 0.167°E / 51.067; 0.167
Diverse annan informasjon
Postnummer TN6
Telefon-retningsnummer 0 1892
Nettstad: www.crowboroughtc.co.uk
Commons har multimedium som gjeld: Crowborough
Statue av Arthur Conan Doyle

Byen er kjent som heimstaden til sir Arthur Conan Doyle frå 1905 til han døydde der i 1930, og ein statue av han er reist i sentrum.

Rosenkrossordenen (AMORC) har sin storlosje for Europa og Afrika i byen.

Historie endre

Det har vore busetjingar i området sidan steinalderen, og i romersk tid var det ein del industri i samband med ein veg som gjekk gjennom området. Den første referansen til Crowborough kjem langt seinare, i 1292. Då klaga soknepresten på at ein del av sokneborna hans gjekk i kyrkja til nabosoknet, fordi ho var lettare tilgjengeleg for dei. Presten hadde ingen anna løn enn tiande og kollekt, og var difor misnøgd med dette, og vende seg til erkebiskopen av Canterbury. For å bøte på problemet gav erkebiskopen han ein eigedom i den problematiske delen av soknet slik at det kunne byggjast eit kapell der.

Crowborough vart verande eit jordbruksområde inntil midten av 1800-talet. I ei folketeljing frå 1851 var enno dei fleste sysselsett innan jordbruket. I 1868 kom jarnbana, og dermed endra byen karakter. Det vart oppretta industribedrifter, og etterkvart vart Crowborough òg kjent som ein kurstad. Ein av dei som vart trekt dit av helseårsaker var naturvitskapsmannen og forfattaren Richard Jefferies, som kom i 1885 og skreiv nokre av sine mest kjende essay i byen.

Kjelder endre