Custard Pie
Song av Led Zeppelin
frå albumet Physical Graffiti
Utgjeve 24. februar 1975
Innspelt 1974
Sjanger Hardrock
Lengd 4:13
Selskap Swan Song
Tekstforfattar Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page

«Custard Pie» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Teksten til den riff-tunge songen hyllar bluesongar frå Robert Johnson-tida, særleg «Drop Down Mama» av Sleepy John Estes, «Shake 'Em On Down» av Bukka White og «I Want Some Of Your Pie» av Blind Boy Fuller.[1]

Songteksten kan stundom vere noko vanskeleg å forstå, men som mange andre songar på albumet er dei full av seksuelle referansar. I dette tilfellet refererer «Custard Pie» (krempai) til det kvinnelege kjønnsorganet og songen inneheld òg mange referansar til oralsex: Your custard pie, yeah, sweet and nice / When you cut it mama, save me a slice og chewin' a piece of your custard pie.

«Custard Pie» inneheld ein wah-wah-solo av gitarist Jimmy Page, som vart spela gjennom ein ARP-synthesizer.[1] John Paul Jones spelar òg elektrisk clavinet på songen medan vokalist Robert Plant spelar munnspel.[1]

Songen vart aldri spela på konsertane til Led Zeppelin[1] bortsett frå delar av songen under det akustiske settet på konserten i Houston i 1977.

Page spela songen på hans Outrider-turne, medan Page and Plant spela heile songen nokre gonger i 1996 under turneen deira for No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded. I 1999 spela Page igjen songen, denne gongen med The Black Crowes, og ein versjon av dette finst på albumet Live at the Greek.

Songen vart gjeven ut på singel i Thailand med «Boogie with Stu» og «Trampled Under Foot» som B-sider.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Samplingar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.