Cyril Davies

britisk songar

Cyril Davies (23. januar 19327. januar 1964)[1] var ein engelsk bluesmusikar, og ein av dei første bluesmunnspelspelarane i England.

Cyril Davies
Fødd23. januar 1932(1932-01-23)
FødestadDenham i Buckinghamshire i England
Død7. januar 1964 (31 år)
DødsstadLondon i England
OpphavStorbritannia
AktivTidleg i 1950-åra til 1964
SjangerBritisk blues, Chicago blues, rhythm and blues
InstrumentMunnspel, vokal
Tilknytte artistarCyril Davies All-Stars, Blues Incorporated, Long John Baldry, Alexis Korner, Screaming Lord Sutch and the Savages
Verka somMusikar

Biografi endre

Cyril Davies byrja karrieren sin tidleg i 1950-åra i Steve Lane's Southern Stompers, og skipa så i 1955 eit akustisk skiffle- og bluesband med Alexis Korner.[2] Han byrja på banjo og 12-strengsgitar, før han byrja å spele Chicago-aktig bluesmunnspel, etter å ha høyrt Little Walter.[2] Han dreiv ein skiffleklubb, som gjekk dårleg, før han møtte Korner. Dei to opna «England's Firstest and Bestest Skiffle Club» i London, seinare kalla «London Blues and Barrelhouse Club». Denne var populær blant andre musikarar og heldt konsertar med bluesmusikarar som Muddy Waters, Sonny Terry og Brownie McGhee og Memphis Slim.[2]

I denne perioden arbeidde Davis og Korner som studiomusikarar, og akkompagnerte ofte Ottilie Patterson på konsertane hennar med bandet til mannen hennar Chris Barber, og brukte forsterka instrument for første gongen. Dette vart dårleg motteke av det puristiske bluespublikummmet og andre musikarar.[2] Etter dei la ned bluesklubben, gjekk Davies og Korner kvar sin veg. Davies var inspirert av den elektriske stilen til Muddy Waters og danna sitt eige elektriske bluesband.[2]

The Ealing Club og Blues Incorporated endre

I 1961 rekrutterte Chris Barber Davies og Korner til å spele munnspel og elektrisk gitar i bandet sitt på onsdagar og fredagar på Marquee Club, ein populær jazzklubb i London. Dette gav Davies og Korner høve til å vise seg fram for musikkmiljøet i London, men duoen ønskte å fokusere meir på blues og R&B. Dei to valde å skipe sitt eige rhythm and blues-band, og for å støtte dei, lét Barner dei få spele i pausen på Maruqee på onsdagar.[3]

Korner henta musikarar for rytmeseksjonen og Davies henta inn Art Wood og Long John Baldry som vokalistar. Dei kalla gruppa Blues Incorporated, og dei første konsertane deira på Marquee vart godt mottekne. Men dei forstod at dei måtte spele andre stader òg, og sidan dei fleste jazz- og viseklubbane i London mislikte elektriske gitarar, fann Davies og Korner ut at dei skulle starte sin eigen klubb der dei kunne spele. I 1962 skipa dei Ealing Club, der både Blues Incorporated og andre trad jazz-grupper som var populære i England på den tida spelte. Klubben vart særs populær i det blømande R&B-miljøet, og tiltrekte seg publikum og framtidige stjerner som Mick Jagger og Eric Burdon.[3] Jagger var i publikum den andre kvelden klubben var open og fekk syngje «Got My Mojo Working».[2]

Seinare suksess endre

I juni 1962 spelte dei inn R&B from the Marquee,[4] som faktisk vart spelt inn i studioet til Decca Records. Etter å ha turnert i Storbritannia og vore fast band på The Marquee,[2] vart det i oktober 1962 musikalske motsetnader i bandet sidan somme medlemmar ønskte å spele songar av Chuck Berry og Bo Diddley som publikum likte, medan Cyril Davies og andre medlemmar var blues-puristar som ønskte å spele det dei rekna som genuin Chicago-aktig R&B.[5] Etter at han slutta i Blues Incorporated i oktober 1962, skipa Davies Cyril Davies All-Stars[6] i november 1962 og spelte inn fem songar for Pye Records, som hadde annonsert ein R&B-etikett med musikk importert frå favorittaristane til Davies frå Chicago («Country Line Special», «Chicago Calling», «Preaching the Blues», «Sweet Mary» og «Someday Baby»).[7] Den originale besetninga vart stort sett henta frå Screaming Lord Sutch's Savages, og bestod av både Long John Baldry og Davies på vokal for å gje Davies rom til å spele munnspel. Bandet, som seinare berre vart kalla All-Stars hadde mange besetningsendringar.[8]

Etter å ha fått brysthinnebetennelse i 1963, byrja Davies å drikke tungt for å lindre smerta, medan han turnerte heile tida.[2] Han døydde i januar 1964[8] etter å ha kollapsa under ein konsert på ein nattklubb på Eel Pie Island i Twickenham i London.[9] Den offisielle dødsårsaka var endokarditt,[10] men leukemi er òg ofte sitert. Kjernen i bandet vart teken over av Long John Baldry og det danna grunnlaget for hans 'Hoochie Coochie Men'.

Kjelder endre

  1. Doc Rock. «The Dead Rock Stars Club – The 1960-åra». Thedeadrockstarsclub.com. Henta 11. juni 2018. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Newman, Richard. John Mayall: Blues Breaker. Castle Communications, 1995, p. 70 et seq. ISBN 1-86074-129-0.
  3. 3,0 3,1 Schwartz, Roberta Freund. «How Britain Got the Blues: The Transmission And Reception Of American Blues Style In The Storbritannia». ebscohost.com. Ashgate. Henta 11. juni 2018. 
  4. «Allmusic ((( Alexis Korner's Blues Incorporated > R&B from the Marquee > Overview )))». 
  5. «A full account of Cyril's life and contribution to the development of the UK blues boom». Cyrildavies.com. 20. juli 2011. Henta 11. juni 2018. 
  6. «John Pidgeon's Rock'sbackpages blog». Rocksbackpagesblogs.com. Arkivert frå originalen 9. november 2011. Henta 11. juni 2018. 
  7. «The R&B Years». Carlo Little. Arkivert frå originalen 17. mars 2015. Henta 11. juni 2018. 
  8. 8,0 8,1 «Biography by Bruce Eder». Allmusic.com. Henta 11. juni 2018. 
  9. Talevski, Nick (2010). Rock Obituaries - Knocking On Heaven's Door. Omnibus Press. s. 119. ISBN 9780857121172. Henta 11. juni 2018. 
  10. «Larkin, Newman and Blues Nexus». Bluesnexus.com. Arkivert frå originalen 30. desember 2011. Henta 11. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff endre