Déodat Gratet de Dolomieu

Dieudonné Sylvain Guy Tancrède de Dolomieu vanlegvis kalla Déodat de Dolomieu (fødd 23. juni 1750 Dolomieu i Isère, død 28. november 1801 i Chateauneuf) var ein fransk geolog. Han er særleg kjend for undersøkingane sine av vulkanske bergartar og geologien i Alpane, og bergarten dolomitt er kalla opp etter han.

Déodat Gratet de Dolomieu

Fødd23. juni 1750
Dolomieu
Død26. november 1801
Châteauneuf
NasjonalitetFrankrike
Områdegeologi
Yrkegeolog, mineralog, vulkanolog
Alma materÉcole nationale supérieure des mines de Paris
MedlemDet franske vitskapsakademiet
Johanniter-ordenen

Han var opphavleg offiser og starta militærkarrieren sin i Maltesarordenen som 12-åring. 18 år gammal kom han ut ein duell med eit anna medlem i ordenen og tok livet av motstandaren. For dette vart han dømd til livstid i fengsel, men vart benåda av pave Klemens XIII etter eitt år. I tida fram mot den franske revolusjonen nytta han mykje av fritida si på vitskaplege ekskursjonar i Europa og samla inn mineral og vitja gruveområde. Han var særleg interessert i mineralogi, vulkanologi og opphavet til fjellkjede. Sjølv om Dolomieu var særs interessert i vulkanar, vart han overbevist om at vatn spelte ei stor rolle i å forme jordoverflata gjennom ei rekkje førhistoriske, katastrofiske hendingar. Dette stod i motsetnad til James Hutton og aktualitetsprinsippet hans, som han publiserte i 1795.

Under ein av feltekskursjonane sine til Alpane i Tirol oppdaga Dolomieu ein kalkhaldig stein, som i motsetnad til kalkstein, ikkje skumma i svake syrer. Han publiserte desse observasjonane i 1791 i Journal de Physique. Året etter, i den same publikasjonen, vart mineralet kalla opp etter Dolmieu. Det same vart Dolomittane, fjellkjeda nordvest i Italia der han først oppdaga bergarten.

Etter å ha mista formuen sin i revolusjonen, tok Dolomieu imot ei stilling som professor i naturvitskap ved École Centrale Paris i 1794. Den omfattande mineralsamlinga hans er i dag ved Muséum National d'Histoire Naturelle de Paris.

I 1794 vart Dolomieu professor ved École des mines og seinare ved det naturhistoriske museet i Paris.

I 1798 var Dolomieu med dei leiande geologane i verda på ein vitskapleg ekspedisjon i lag med Napoleon Bonaparte til Egypt. I mars 1799 vart Dolomieu sju og måtte forlate Alexandria. På veg heim att kom skipet hans ut for eit uvêr og måtte søke nødhamn i Taranto i Italia, der han vart teken som krigsfange. Byen var ein del av Kongedømet Dei to Sicilia, som då var i krig med Frankrike. Dolomieu hadde vorte ein mektig fienden med stormeisteren i Maltesarordenen då han hjelpte til å overgje øya Malta til Napoleon. Stormeisteren fordømde Dolomieu og han vart overført til MessinaSicilia, der han sat i fengsel under særs harde kår på isolat i 21 månadar.

Fengslinga av ein verdskjend vitskapasmann under slike tilhøve var avskyeleg for det intellektuelle samfunnet i Europa. Sjølv det vitskaplege samfunnet i England, som var i krig med Frankrike, protesterte på dette fangenskapet. Talleyrand, den franske utanriksministeren, prøvde å forhandle med paven om å få frigjeve Dolomieu, men Napoleon, som då var førstekonsul i Frankrike, følte at dette var æreslaust å forhandle med paven. I staden leia han våren 1800 den franske armeen inn i Italia og knuste austerrikarane og deira italienske allierte den 14. juni i slaget ved Marengo. Heile Italia vart underlagt Napoelon. Eit av vilkåra i fredsavtalen til Napoleon i Firenze i mars 18081 var at Dolomieu skulle sleppast fri så snart som råd.

Dolomieu heldt fram dei vitskaplege studiane sine då han slapp fri, men helsa hans hadde vorte dårleg under det lange fangenskapet på Sicilia, og han døydde på veg til Alpane hos systera ved Châteauneuf.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Déodat Gratet de Dolomieu» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Carozzi, A. V. og Zenger, D. H. (1981). «On a type of calcareous rock that reacts very slightly with acid og that phosphoresces on being struck (translation, with notes of Dolomieu's paper, 1791)». Journal of Geological Education 29: 4–10. 
    • Dolomieu, D. G. de (October, 1791). «Sur un de pierres trés-peu effervescentes avec les acides of phosphorescentes par la collision». Jour. Physique 39: 3–10. 
    • Zenger, D. H., Bourrouilh-Le Jan, F. G. og Carozzi, A. V. (1994). «Dolomieu og the first description of dolomite». I Purser, B.; Tucker, M.; Zenger, D. Dolomites A volume in honor of Dolomieu. International Association of Sedimentologists: Special Publication 21. s. 21–28. ISBN 0-632-03787-3.