DBS eller Den Beste Sykkel er eit norsk sykkelmerke opphavleg frå Jonas Øglænd i Sandnes.

Ein typisk DBS sykkel frå 1980-åra.

Selskapet blei grunnlagt av Jonas Øglænd i 1892 i Sandnes, den gongen under namnet Øglænd Cyklelager. I starten var det ein agent for den tyske produsenten Hengstberg, seinare òg for det amerikanske merket The World. Øglænd monterte sjølv syklane. Andre merke som Øglænd òg monterte var Fram og Viking. I 1906 opna Øglænd sin nye sykkelfabrikk i Langgata 6 i Sandnes, der starta selskapet sin eigen produksjon av syklar. I 1932 tok Øglænd i bruk merkenamnet Den Beste Sykkel (DBS) etter ein namnekonkurranse. Det var ein 12 år gammal gut som kom med det vinnande forslaget. I åra etter åra voks DBS, og i 1949 eksporterte dei sin første sykkel.

I løpet av 1960-talet gjorde konkurransen at fortsett sykkelproduksjon kravde modernisering av produksjonen. Som eit svar på dette bygde DBS ein ny sykkelfabrikk på Kvål industriområde på (Ganddal) i Sandnes som stod klar i 1972. Etter kvart begynte selskapet å slite med konkurransen frå lågkostland i Austen, spesielt Kina. I 1989 vart Øglænd DBS AS seld til svenske Monark, som igjen vart ein del av konsernet Cycleurope i 1996, som står bak merke som Monark, Crescent, Peugeot og Bianchi. Det er i dag ikkje lenger sykkelproduksjon ved sykkelfabrikken i Sandnes, men produktutvikling, marknadsføring, sal og logistikk blir framleis leia frå Sandnes.

Andre sykkelmerke som vart produserte av DBS endre

Nokre sykkelmodellar produsert av DBS endre

Namn Produksjonsår
Crossmaster 1960–1972
Tomahawk 1971–1973
Apache Cross 1972–1980
Kombi

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre