Deutsche Film-Aktiengesellschaft (DEFA) var det statlege filmselskapet i det tidlegare DDR. Etter den andre verdskrigen overtok selskapet det UFA eigde i det sovjetkontrollerte området.

Etter den tyske gjenforeininga vart selskapet oppløyst og det selskapet eigde vart privatisert. Filmane produsert hjå DEFA famnar omkring 950 spelefilmar, 820 animasjonsfilmar, meir enn 5 800 dokumentarar og nyhendesendingar og 4 000 tyske synkronisasjonar (dubbingar) av framandspråklege filmar. Opphavsretten til desse vert no halden av Progress Film-Verleih GmbH. Einedistributør for video og DVD er Icestorm Entertainment.

DEFA-filmene har dei siste åra oppleved ein renessanse både i Tyskland og i USA. Museum of Modern ArtNew York hadde i oktober 2005 ein to vekers DEFA-festival.

Filmstudioa til DEFA endre

Andre nettstader endre

Denne artikkelen byggjer på «Deutsche Film-Aktiengesellschaft» henta frå Wikipedia på bokmål 6. februar 2007.