DS «Cometa» (1913)

norsk dampskip frå 1913
Karriere  Storbritannia
Namn: DS «Florentine»
Eigar: Florentine Steamship Corp, (R,A, Sanderson & Co)
Verft: Clyde S, B, & Eng, Co, Ltd, i Port Glasgow i Skottland
Verftsnummer: 301
Jomfrutur: Februar 1913
Heimehamn: Manchester
Kjennemerke: MKJP
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje:  1762 brt, 914 nrt
Daudvekt: 3 050 tdw,
Lengd: 280,5 fot (85,5 m)
Breidd: 42,2 fot (12,9 m)
Djupgang: 16,6 fot (5,1 m)
Installert effekt : 217 nHk
Framdrift: Triple 3 cyl, dampmaskin (Clyde SB&E)
Fart: 10,5 knop
Karriere  Noreg
Namn: DS «Cometa»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjøpt: Februar 1914 for 531 794 kroner[1]
Heimehamn: Bergen
Lagnad: Forlis i 1920

DS «Florentine» (kallesignal MKJP) var eit dampskip bygt i 1913 som lasteskip for Florentine Steamship Corp. i Manchester. Berre eitt år seinare kjøpte Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) skipet og gav det namnet DS «Cometa». Skipet vart kjøpt samstundes med systerskipet DS «Estrella»

Historie endre

Skipet vart bygt ved Clyde Shipbuildig Company i Glasgow i Skottland og levert i februar 1913. Berre eitt år seinare, i februar 1914, vart skipet kjøpt av BDS for 531 794 kroner.[1] Skipet gjekk inn i Sør-Amerika-linja til BDS.[2]

Skipet forliste 4. oktober 1920 på Destero Rock på reise Paranagua til Buenos Aires med stykkgods.[1]

Skipet endre

Tonnasjen til skipet var ved levering 1 762 brt, 914 nrt og lasteevna var 3 050 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 4 685 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Clyde SB&E. Oppgjeven yting var 217 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10,5 knop.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «D/S Cometa». Sjøhistorie.no. Henta 29, desember 2019. 
  2. Dag Bakka jr, og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1» Check |url= value (hjelp). Skipet. Nr, 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 30. Henta 29, desember 2019.