Da'el (arabisk داعل, òg skrive Da'il) er ein by sør i Syria som ligg langs den gamle vegen mellom Daraa og Damaskus, kring 14 kilometer nord for Daraa. Administrativt høyrer han til Daraa-distriktet i Daraa guvernement og er senter i Da'el nahiyah («underdistrikt») som òg omfattar byen Abtaa, like mot nord. Andre stader i nærleiken er Tafas i vest, Othman i sør, Khirbet al-Ghazaleh i aust, Nimer og Qarfa i nordaust, al-Shaykh Maskin i nord og al-Shaykh Saad i nordvest.[1]

Da'el
داعل
by
Land  Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Daraa-distriktet
Nahiyah Da'el
Høgd 600 moh.
Koordinatar 32°45′14″N 36°07′48″E / 32.75389°N 36.13000°E / 32.75389; 36.13000
Folketal 29 408  (2004)
Kart
Da'el
32°45′14″N 36°07′52″E / 32.753888888889°N 36.131111111111°E / 32.753888888889; 36.131111111111
Wikimedia Commons: Da'el

I 2004 var folketalet i følgje Statistisk sentralbyrå i Syria (CBS) 29 408, medan Da'el nahiyah var 43 691.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2] Innbyggjarane driv hovudsakleg med jordbruk der dei dyrker kveite, bønner, oliven og druer med meir.

Byen vart nyleg modernisert med raskt Internett, full mobildekning, nye fasttelefonlinjer og auka utbygging.

Historie endre

I 1596 vart Da'el omtalt i osmanske skattelister som «Da'il» og var ein del av Bani Malik al-Asraf nahiya i Hauran qada. Han hadde ein muslimsk busetnad som bestod av 42 hushaldningar og 20 ungkarar. Skattane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og/eller bikuber og ei vassmølle.[3]

I 1838 vart Da'el klassifisert som ein muslimsk landsby.[4] Mot slutten av 1800-talet hadde landsbyen 300 innbyggjarar og 65 hus.[5] I den seinare osmanske tida og fram til Ba'ath-partiet tok over makta i 1960-åra,, var al-Hariri-klanen, som hadde hovudsetet sitt i Da'el, den mektigaste klanen i Hauran i det sørlege Syria, og kontrollerte kring 18 landsbyar.[6] Al-Hariri-familien hadde òg vore den viktigaste støttespelaren til Rifa'i-ordenen til Sufi-kulten i Hauran. Rifa'i var den viktigaste Sufi-ordenen i området.[7]

Under den franske okkupasjonen (1918-1946) hamna dei i strid med Zu'bi-klanen som hadde base i Khirbet al-Ghazaleh i nærleiken og som kontrollerte 16 landsbyar. Al-Hariri støtta stort sett nasjonalistrørsla, medan Zu'bi-leiarane støtta franskmennene. Medan al-Hariri nytte godt av syrisk sjølvstende, og fekk støtte frå Saudi-Arabia, medan Zu'bi fekk meir makt under Baathist-styret, men meir på eit individuelt og lågare nivå, enn som ei samla stamme. Uansett fekk begge familiane langt mindre makt under Baathist-makta.[6]

I mars 2011 var Da'el av dei første byane i Daraa-området som deltok i demonstrasjonane mot regjeringa til Bashar al-Assad,[8] som enda med den pågåande syriske borgarkrigen. Den 29. mars 2013 vart byen erobra av opprørane. Da'el ligg strategisk til ved ein av to hovudvegar mellom Damaskus til Daraa. Opprørarane kjempa i starten mot den syriske hæren som bemanna kontrollpunkt utanfor byen.[9]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Da'el population, arkivert frå originalen 12. januar 2013, henta 17. april 2014 
  2. Smith, 1841, s. 151.
  3. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 214.
  4. Smith and Robinson, 1841, s. 151.
  5. Schumacher, 1897, s. 170
  6. 6,0 6,1 Batatu, s. 26.
  7. Batatu, s. 107-108.
  8. Sterling, Joe. Daraa: The spark that lit the Syrian flame. CNN. 2012-03-01.
  9. Dehghanpisheh, Babak. Rebels claim to take key city in southern Syria. The Washington Post. 2013-03-29.