Daffy var eit internasjonalt teikneserietidsskrift som kom ut i norsk utgåve frå 1958[1] til 1969. Namnet på bladet var henta frå teiknefilm- og teikneseriefiguren Daffy Duck. I teikneseriane i bladet møtte ein i tillegg til Daffy kjente figurar som Bippe Stankelbein, Elmer Midd, Pelle Pigg, Snurre Sprett, Pip og Sylvester.

Daffy var eit av fleire teikneserieblad som vart lansert med suksess på 1950-talet, då Noreg hadde lagt papirrasjonering og varemangel frå krigens dagar bak seg, og mange fekk etter kvart høve till å bruke pengar på denne typen underhaldningsblad. Tidleg på 1960-talet kom Daffy ut kvar veke, og kosta éi krone i laussal.

Bak figuren og bladet Daffy stod amerikanske Warner Bros. Den norske versjonen vart utgitt av Allers Familie-Journal. Elsa Kjelland-Mørdre var norsk redaktør. I tillegg til teikneseriene kunne den norske versjonen ofte by på konkurransar, pennevenspalte, kryssord og samlebilde av filmstjerner frå samtida.

Kjelder endre

  1. «2747022 | Skanfil», skanfil.no, henta 22. april 2024