Dag Riisnæs

norsk fotballspelar

Dag Riisnæs (fødd 20. juni 1969) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Horten. Han var ein pasningssikker midtbanespelar, særleg kjend for sine sesongar i Kongsvinger IL.

Dag Riisnæs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juni 1969 (54 år)
Horten kommune
Idrett fotball

Karriere endre

Klubbspel endre

Riisnæs spelte på Ørn i åra frå 1986-88. Hausten 1988 var han ein sentral spelar då juniorlaget til Ørn vann finalen i noregsmeisterskapen for juniorar med 2–1 over Lillestrøm SK. Åra 1989-94 var han ein sentral figur då Kongsvinger IL hadde sin beste periode innom fotballen, høgdepunktet var andreplassen etter Rosenborg BK i eliteserien 1992. Deretter var han 1995-2000 Vålerenga-spelar. Han avslutta på nivå 3 i seriesystemet med Ullern i 2001-sesongen.

Landslagsspel endre

Riisnæs aksla den norske landslagstrøya seks gongar i tida frå oktober 1989 til september 1991, innbytar i fire av kampane.

Merittar endre

  • Seriesølv: 1992 med Kongsvinger IL
  • Noregsmeister: 1997 med Vålerenga IF

I 2002 fekk Riisnæs stilling i Norges Fotballforbund.

Kjelder endre