Dagen for galisisk litteratur

Dagen for galisisk litteratur, Día das Letras Galegas, er ein høgtidsdag i den spanske regionen Galicia som er blitt feira kvar 17. mai sidan 1963. Datoen er den same som Cantares Galegos, det første galisiske litterære verket i moderne tid, blei gjeven ut av Rosalía de Castro i 1863.

Markering av dagen for galisisk litteratur i Redondela i 2012, framfor ein statue av forfattaren Castelao.

Kvart år vel det kongelege galisiske akademiet, Real Academia Galega, ein galisisk forfattar som skal hedrast denne dagen. Forfattaren skal vera avliden, og er som regel ein enkeltperson. Berre ein gong, i 1998, blei dagen «delt» mellom dei tre mellomalderforfattarane Martín Códax, Xohán de Cangas og Mendinho.

Dagen blir òg brukt til å oppmuntra bruk av galisisk språk, som er truga i byområde og blant ungdom.

Forfattarar heidra på dagen for galisisk litteratur endre

Kjelder endre