Dagfinn Høybråten

norsk politikar

Dagfinn Høybråten (fødd 2. desember 1957 i Oslo) er ein norsk embetsmann og politikar som frå 2004 til 2011 leidde Kristeleg Folkeparti. Han var vald inn på Stortinget for perioden 2009-2013 på Rogalandsbenken. Han hadde ulike statsrådpostar i begge Bondevik-regjeringane frå 1997 til 2000 og frå 2001 til 2005.

Dagfinn Høybråten

Dagfinn Høybråten i 2006
Foto: Johannes Jansson/norden.org
Fødd2. desember 1957 (66 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, statsvitar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Luther College
Kristelig Gymnasium
FarPer Høybråten
Alle verv

Tidleg karriere endre

Høybråten byrja si politiske karriere i 1979 då han vart leiar for KrFU, eit verv han hadde fram til 1982. Han var i perioden 1983-86 personleg rådgjevar for dåverande kyrkje- og undervisningsminister Kjell Magne Bondevik. Han var etter det statssekretær i Finansdepartementet i 1989-90.

Statsråd endre

Arbeids- og sosialminister i Kjell Magne Bondevik si andre regjering sidan 18. juni 2004, statsråd i Helsedepartementet (helsesaker) frå 19. oktober 2001. Også i Kjell Magne Bondeviks 1. regjering statsråd i Helsedepartementet (helsesaker). Høybråten er mest kjend for å ha skjerpa røykjelova, ved å forby all røyking innandørs på restaurantar og utestadar.

I 2004 opna Slottet for at statsrådar etter 4 års tenestetid vart tildelt St. Olavs Orden. Dagfinn Høybråten vart då kommandør av St. Olavs Orden.

Privatliv endre

Høybråten er gift og har fire born. Han er busett på Nesodden der han er med i den lokale meinigheita i Misjonsforbundet. Han er son av politikar Per Høybråten (1932-90).

Han har utdanning frå mellom anna Kristelig Gymnasium, og det var denne klassa han hadde med seg då han var gjest i Den store klassefesten i 2005.

Utdanning endre

Yrkeserfaring endre

Verv endre

  • Medlem av Kristeleg Folkepartis sentralstyre 1979-82 og 1983-97.
  • Statsråd i Sosial- og helsedepartementet (helsesaker) frå 17. oktober 1997.
  • Ei rekkje statlege, kommunale/fylkeskommunale og organisasjonsmessige verv.
  • Statsråd i Sosial- og helsedepartementet (helsesaker) frå 19. oktober 2001 til 31. desember 2001
  • Statsråd Helsedepartementet 1. januar 2002 -18. juni 2004
  • Statsråd Arbeids- og sosialdepartementet 18. juni 2004
  • Styremedlem i verdas vaksinefond, Gavi, frå juli 2006.
  • President i Nordisk Råd frå 1.1.2007

Bibliografi endre

Kjelder endre

.