53°16′N 6°05′W / 53.267°N 6.083°W / 53.267; -6.083

Dalkey Island
øy
Land  Irland
Kart
Dalkey Island
53°16′19″N 6°05′03″W / 53.272027°N 6.084132°W / 53.272027; -6.084132
Wikimedia Commons: Dalkey Island

Dalkey Island (Deilginisirsk, tyder «Tornete øy») er ei øy 15 km sør for Dublin, nær landsbyen Dalkey, 3 km sør for hamna Dún Laoghaire. Øya er ikkje lenger busett, men har restar etter hus, ei kyrkje og eit Martellotårn. Ho ligg mindre enn 300 meter frå land og har eit areal på 9 hektar.

Det finst bevis for at øya var busett for 6000 år sidan og vart nytta som ein base for vikingane. Det er òg ruinar etter ei anna kyrkja, frå 600-talet, kalla opp etter St. Begnet.

Ei festning på det nordlegaste neset (eit såkalla promontory fort) er framleis synleg i form av ei grøft.

Steinkyrkja som det finst ruinar av i dag vart bygd på 800-900-talet og vart truleg forlaten då vikingane nytta øya som base og del av den travlaste hamna i landet på den tida. Tidleg på 1800-talet reiste den britiske admiraliteten Martellotårnet på øya, eit av åtte tårn langs Dun Laoghaire-kysten. Tårnet fungerte som eit signaltårn som skulle sende vidare signal når det vart oppdaga invaderande skip under Napoleonstida.

Sundet mellom øya og fastlandet er svært djupt og ein gong vart det vurdert å byggje ein oljeterminal her. Området rundt er hovudsakleg bustadområde så ein valde å plassere terminalen ein annan stad.

Kjelder endre