Danaider (frå gresk danaidai, 'etterkomarar av Danaos') viser til ei gruppe på femti najader, eller vassnymfer i gresk mytologi. Dei var alle døtrer av kong Danaos av Libya, og ulike mødrer. Dei fleste av dei drap ektemennene sine på bryllaupsnatta etter at dei hadde ekta fetrane sine i eit massebryllaup. I seinare tid er danaidene særleg blitt kjende gjennom straffa dei fekk for dette i dødsriket: Å bera vatn til eit kar som aldri blei fullt.

Danaider av Paul Oesten.

Soge endre

Danaos og tvillingbroren hans, Aigyptos, hadde krangla om farsarva si. Aigyptos føreslo at dei femti sønene hans skulle gifta seg med dei femti danaidene. Danaos ønskte ikkje dette – i nokre versjonar av soga frykta han at dei ville drepa døtrene på bryllaupsnatta, eller at ein av Aigyptos-sønene ville drepa han om han blei svigerfar deira – og flykta med dei i det første havgåande skip, med femti årer.

 
Hypermnestra i ein mellomalderillustrasjon.

Etter ei mellomlanding ved LindosRhodos, der dei bygde eit tempel til Atene som hadde føreslått flukta, kom dei til Argos, der Danaos blei teken til konge. Men Aigyptos-sønene kom snart etter, og kravde konene dei var blitt lova. Danaos lét som han gjekk med på dette, men gav i staden døtrene ein kniv kvar med bod om å drepa ektefellen etter at han var sovna på bryllaupsnatta.

Aigyptos og sønene hans følgde dei til Argos, og for å hindra blodbad gjekk Danaos med på ekteskapa. Det blei trekt lodd om kven av danaidene dei skulle gifta seg med. Samstundes gav han alle døtrene ein dolk i gåve og baud dei drepa ektemannen på bryllaupsnatta. Alle døtrene følgde ordren, bortsett frå Hypermnestra, som lét vera fordi ektemaken, Lynkevs, heidra ønsket hennar om å vera jomfru. For å ha gått imot far sin fekk Danaos henne fengsla, men ho blei seinare frigjeven, i følgje sogene med hjelp frå Afrodite. Det overlevande paret byrja eit kongedynasti på Argos gjennom sonen Abas. I nokre versjonar av soga drap Lynkevs svigerfaren sin som hemn for drapa på brørne.

I nokre soger er Amomyne ('utan skuld') nemnd som ei anna danaide som ikkje drap ektemannen sin. Ho kan ha vore den same som Hypermnestra, eller forklaringa kan vera at ho var blitt gravid med Poseidon og dermed ikkje kunne gifta seg. Ho hadde møtt havguden medan ho var ute for å leita etter vatn til Argos, og etter at dei hadde elska opna treforken til Poseidon ei ny kjelde som fekk namnet Amymone. Sonen til Amomyne og Poseidon fekk namnet Nauplios.

Dei andre danaidene gravla hovuda til ektefellane sine ved Lerna, og skal så ha blitt reinska for syndene sine av Atene og Hermes. Dei blei så gifte om att med vinnarar av eit løp, eit trekk som også er kjend frå soga om Atalante.

 
Danaidekar i moderne vitseteikning.

I seinare versjonar av soga blei danaidene som hadde drepe ektemennene sine sett til å bera vatn for å fylla eit kar med hòl i i underverda. Dette «danaidekaret» er seinare brukt som bilete på ei håplaus oppgåve.

 
Danaidefontene ved Peterhof i St. Petersburg.
Foto: Yair Haklai

Danaider i kulturen endre

I gresk olditdslitteratur er omgrepet «danaer» brukt om folk frå Argos eller om grekarar generelt. Dette er blitt tolka som at dei er etterkomarar av Danaos og danaidene.

Eit tapt epos, Danais (gr. Δαναΐς) av ein gresk oldtidsdiktar tok for seg soga om danaidene, og Aiskhylos brukte truleg dette som bakgrunn for sitt verk Hiketidene ('Dei bedande') frå 400-talet f.Kr.

Danaidene har inspirert vestleg kunst sidan renessansen. Dei er ofte brukte som motiv i fontenekunst, som kvinner som heller vatn frå krukker, eller i sorgfylte statuar og måleri. Auguste Rodin utforma mellom anna ein statue som finst i fleire utgåver av ei fortvilt danaide.[1]

Operaen Les Danaïdes (1784) av Antonio Salieri, basert på ein tekst av Ranieri de' Calzabigi, skildrar også myten om danaidene. I romanen The Daughters of Danaus (1894) tok den tidlege feministen Mona Caird opp problema ei kvinne hadde med å sameina karriere med ekteskap.

Den norske tekstilkunstnaren Frida Hansen nytta motivet i det monumentale billedteppet Danaidenes kar, som ho gjorde ferdig i 1914. Verket er i privat eige, men vart vist på den store utstillinga Frida Hansen. Art Nouveau i full blomstStavanger kunstmuseum sumaren 2015.

Danaos og danaidene har gjeve namn til sommarfuglslekta Danaus og fleire artar.

 
Danaider på ein fontene av Ferenc Sidló i Budapest.
 
Danaidene av John William Waterhouse, 1903.
 
Die Wasserschöpferin (Danaide) (1909) av Hans Ernst Brühlmann.

Greske kjelder og namnelister endre

Danaidene er mellom anna omtalte av Pausanias, Apollodorus, Hyginus, Herodot og Evripides. Dei er lista opp med ulike namn og ektemaker i ulike kjelder.

Etter Apollodorus:[2]

Døtrer av Elephantis blei gifte med sønene til Argyphia:

  • Hypermnestra blei gift med Lynkevs
  • Gorgophone med Protevs

Døtrer av Europa blei gifte med dei andre sønene til Argyphia:

  • Automate med Bosiris
  • Amymone med Enkelados
  • Agave med Lykos
  • Skaea med Daiphron

Døtrer av hamadryadene Atlanteia eller Phoebe blei gifte med søner av ei arabisk kvinne:

  • Hippodamia med Istros
  • Rhodia med Khalkodon
  • Kleopatra med Agenor
  • Asteria med Khaetus
  • Hippodamia (ei anna) med Diokorystes
  • Glauke med Alkes
  • Hippomedusa med Alkmenor
  • Gorge med Hippothous
  • Iphimedusa med Eukhenor
  • Rhode med Hippolytos

Døtrer av ei etiopisk kvinne blei gifte med søner av ei fønikisk kvinne:

  • Pirene med Agaptolemos
  • Dorion med Kerketes
  • Phartis med Eurydamas
  • Mnestra med Aegios
  • Evippe med Argios
  • Anaxibia med Arkhelaos
  • Nelo med Menemakhos

Døtrer av Memphis blei gifte med søner av Tyria (utan loddtrekking, men ettersom namna likna på kvarandre)

  • Klite med klitos
  • Sthenele med Sthenelos
  • Khrysippe med Khrysippus

Døtrer av Polyxo blei gifte med søner av Kaliadne (begge mødrene var najader)

  • Autonoe med Eurylokhos
  • Theano med Phantes
  • Elektra med Peristhenes
  • Kleopatra (ei anna) med Hermos
  • Evrydike med Dryas
  • Glaukippe med Potamon
  • Anthelia med Kissevs
  • Kleodore med Lixus
  • Evippe (ei anna) med Imbrus
  • Erato med Bromius
  • Stygne med Polyctor
  • Bryke med Khthonios

Døtrer av Pieria med søner av Gorgo

  • Aktaea med Periphas
  • Podarke med Oeneos
  • Dioxippe med Aigyptos
  • Adite med Menalkes
  • Okypete med Lampos
    • Pylarge med Idmon

Døtrer av Herse med søner av Hephaestine

  • Hippodike med Idas
  • Adiante med Daiphron (ein annan)

Døtrer av Krino med resten av sønene til Hephaestine

  • Kallidike med Pandion
  • Oeme med Arbelus
  • Kelaeno med Hyperbius
  • Hyperippe med Hippokorystes


Etter Hyginus (lista er ikkje fullstendig overlevert og nokre av namna kan ikkje lesast):[3]

  • Midea drap Antimachus
  • Philomela, Panthius
  • Scylla, Proteus
  • Amphicomone, Plexippus
  • Evippe, Agenor
  • Demoditas, Chrysippus
  • Hyale, Perius
  • Trite, Enceladus
  • Damone, Amyntor
  • Hippothoe, Obrimus
  • Myrmidone, Mineus
  • Eurydice, Canthus
  • Cleo, Asterius
  • Arcadia, Xanthus
  • Cleopatra, Metalces
  • Phila, Philinus
  • Hipparete, Protheon
  • Chrysothemis, Asterides
  • Pyrante, Athamas
  • ?, Armoasbus
  • Glaucippe, Niauius
  • Demophile, Pamphilus
  • Autodice, Clytus
  • Polyxena, Aegyptus
  • Hecabe, Dryas
  • Acamantis, Ecnomius
  • Arsalte, Ephialtes
  • Monuste, Eurysthenes
  • Amymone, Midanus
  • Helice, Evidea
  • Oeme, Polydector
  • Polybe, Itonomus
  • Helicta, Cassus
  • Electra, Hyperantus
  • Eubule, Demarchus
  • Daplidice, Pugno
  • Hero, Andromachus
  • Europome, Athletes
  • Pyrantis, Plexippus
  • Critomedia, Antipaphus
  • Pirene, Dolichus
  • Eupheme, Hyperbius
  • Themistagora, Podasimus
  • Celaeno, Aristonoos
  • Itea, Antiochus
  • Erato, Eudaemon
  • Danaïs, Pelops
  • Cleopatra, Hermus
  • Hympermnestra sparte Lynkevs.


Kjelder endre

Fotnotar
  1. 'Danaid', by Auguste Rodin ved www.liverpoolmuseums.org.uk
  2. Pseudo-Apollodorus, Bibliotheke, 2.1.5
  3. Hyginus, Fabulae 170

Bakgrunnsstoff endre