Daniel eit mannsnamn, frå hebraisk med tydinga 'Gud er min dommar'. Namnet er kjend frå Det gamle testamentet, særleg Daniels bok, og er eit utbreidd jødisk, kristent og muslimsk namn. Det er også eit etternamn, og har gjeve patronym som Daniels og Danielsen. Daniel har namnedag i Noreg den 11. desember.

Portrett og namnetrekket til den amerikanske forleggaren Daniel Appleton.
Daniel i løvehola. Utskjering i eit fransk kloster frå 1100-talet.

Namneformer endre

Den hebraiske forma av namnet er דָּנִיֵּאל, uttalt Dāniyyêl (moderne Daniyyel). Den arabiske forma av namnet er Danyal og den persiske Dâniyal. Ei italiensk form er Daniele, ei anna Danilo, som også finst i Brasil og tidlegare Jugoslavia.

Ei utbreidd kortform av namnet er Dan, ei anna er Danny.

Kvinnelege former av namnet er Dani, Danitza, Danielle og Daniella.

Bruken av namnet i Noreg endre

Namnet har tradisjonelt vore mykje bruka i Noreg, men bruken gjekk jamt attende utover 1900-talet inntil han fekk eit kraftig oppsving i 1990-åra.

  • I folketeljinga frå 1801 var det 1441 som hadde namnet i formene Danel, Daniel, Danield, Danil, Danild, Danjel, Danniel
  • I 1900 var det 2627 personar som var listeførte med namneformene Danel, Daniel, Danield, Daniell, Danil, Danild, Danjel, Dannel, Dannell, Danniel, Dannil
  • I 2008 var det 13 640 som hadde Daniel som første fornamn
  • I 2011 var det 15 404 som hadde Daniel som første fornamn

Kjende namneberarar endre

Daniel som bibelsk namn endre

  • Daniel, Davids andre son som han fekk med Abigajil frå Karmel.[1]
  • Daniel som fekk opplæring hos babylonarkongen, men som vart kasta i løvehola[2]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre