Daniel Cornelius Danielssen

norsk lege

Daniel Cornelius Danielssen (4. juli 181513. juli 1894) var ein lege og stortingsmann frå Bergen, der far hans var urmakar.

Daniel Cornelius Danielssen

Fødd4. juli 1815
Bergen
Død13. juli 1894
Bergen
NasjonalitetDanmark-Noreg
Områdemedisin
Yrkelege, politikar, zoolog
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina

Danielssen var 1828-32 elev ved Svaneapoteket i heimbyen. Han avla preliminæreksamen i 1835 og vart cand. med. i 1838. 1840-46 var Danielssen mellom anna korpslege ved nordfjordske musketerkorps som vart stasjonert i Bergen. Vinteren 1839-40 arbeidde han på lepra-hospitalet St. Jørgens i Bergen. Oppgåva hans var å kome med vitskaplege hypotesar om sjukdomen, noko som vart vidareført då Danielssen i 1843 vart tilsett som lege ved hospitalet og regjeringa løyvde midlar til studiar av leprasykja. Både i 1843, 1847 og 1853 reiste han på studietur i utanlandet.

År 1846 vart Danielssen overlege ved den nyskipa anstalten for å lækje spedalske, Lungegaardshospitalet. Hospitalet, som vart opna i 1849, var eit leiande forskingssenter i Europa på leprasykja i siste halvdelen av 1800-talet. Danielssen si styrande tese var at sjukdomen var ein slags blodsjukdom. Forskingsarbeidet hadde sitt store gjennombrot då Gerhard Henrik Armauer Hansen i 1873 oppdaga lepra-bakterien.

Danielssen var medlem av ei rekke organ som sysla med ulike former for helsearbeid. Elles var han medlem av bystyret i Bergen frå 1856 og av styret for Bergens Museum frå 1862. Han var preses for museet frå 1864 til han døydde.

Danielssen var 1. varamann for Bergen til Stortinget 1859-60, og møtte då ein vald representant, Jens Schydtz, døydde straks etter valet. Han var 1. representant på det neste Stortinget 1862-63, samt omframstortinget 1864. Både i 1859-60 og 1862-63 var han medlem av budsjettkomiteen og komiteen om stortingsbygninga. 1859-60 var han elles medlem av komiteen om statthaldarsaka, medan han 1862-63 og 1864 var medlem av valkomiteen. Danielssen var åra 1871-76 stortingsmann på ny. Han var då medlem av næringskomite nr 1 og valkomiteen i begge valperiodane, 1871-73 var han i tillegg medlem av komiteen om jarnbaneanlegg og 1875-76 av komiteen om røystrettsendring.

29. april 1876 vart Danielssen permittert frå Stortinget, for å vere med på den norske nordpolsekspedisjonen 1876-78. Danielssen, som og studerte zoologi, var leiar for ekspedisjonen sitt vitskaplege arbeid.

Danielssen døydde i Bergen i 1893.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre