Daniel Kipngetich Komen (fødd 17. mai 1976) er ein tidlegare langdistanseløpar frå Kenya som vart verdsmeister på 5 000 meter i 1997 og sette verdsrekordar på 3 000 meter og 5 000 meter.

Daniel Komen
Statsborgarskap Kenya
Fødd 17. mai 1976 (47 år)
Kenya
Idrett friidrett
Tok del i

Samveldeleikane 1994

1. september 1996 i Rieti sletta Komen verdsrekorden på 3 000 meter med eit løp på 7.20,67. Rekorden gjeld også i 2023. I august 1997 spurta han i mål til klar siger på 5 000 meter under verdsmeisterskapen i Aten. 12 dagar seinare forbetra han den ferske verdsrekorden på distansen til 12.39,7, ein rekord som Haile Gebrselassie slo 10 månader etterpå. I 1998-sesongen vann Komen 5 000-meterløpet i så vel afrikameisterskapen som i samveledeleikane i Kuala Lumpur. I VM i friidrett 1999 vart han femtemann på 5 000 meter. Året etter forsvann han frå internasjonal friidrett.

Kjelder endre