Daniellcelle er eit galvanisk element funnen opp av John Frederic Daniell i 1836.

Daniellcelle, 1836.

I den opphavlege Daniellcella bestod den positive polplata av kopar og stod i ei løysing av koparsulfat, medan den negative polplata bestod av sink og stod i ei løysing av svovelsyre, som var skilt frå koparsulfatløysingar med ein porøs vegg. I dag vert Daniellcelle nytta som namn på ulike celler med kopar/koparsulfat og sink/sinksulfat. Er løysingane 1 mol per liter, er cellespenninga 1,10 volt. Daniellcella vart tidlegare nytta som normalelement og i dag mest i undervisning.

Kjelder endre