Danilovklosteret (russisk skrift Данилов монастырь, Свято-Данилов монастырь) er eit kloster på sørbreidda av elva Moskva i Moskva i Russland. Sidan 1983 har klosteret vore hovudkvarter for den russisk-ortodokse kyrkja.

Danilovklosteret

Kart
Danilovklosteret
55°42′39″N 37°37′50″E / 55.710833333333°N 37.630555555556°E / 55.710833333333; 37.630555555556

Historie endre

 
Foto av Danilovklosteret frå siste halvpart av 1800-talet

Danilovklosteret vart grunnlagd på slutten av 1200-talet av Aleksandr Nevskij sin son Daniil.[1] Kort før han døydde i 1303, avla Daniil klosterløfte og vart seinare gravlagd i Danilovklosteret. Den russisk-ortodokse kyrkja ærer han som helgen. Den aller fyrste moskovittiske arkimandrit kom frå dette klosteret i 1300.

På 1300- og 1400-talet forfall Danilovklosteret. Ivan den skrekkelege gav klosteret nytt liv frå 1560. Under den store urotida i Russland var klosteret åstad for mange krigshandlingar. Under ei av desse, i 1610, vart Danilovsklosteret sterkt skadd.

I 1710 var det 30 munkar i Danilovklosteret. I 1764 var staben nede i 12. Kring 1900 hadde talet på munkar stige til 17. Mellom munkane som levde i Danilovklosteret var den kjende greske lærde Nikephoros Theotokis. Han trekte seg tilbake til dette klosteret, etter han i 1792 forlet posten som biskop i Sør-Russland.[2]

År 1805 vart det på klosteret opna ein almisseheim for eldre kvinner. Seinare vart almissseheimen omgjorte til heim for eldre geistlege og enkjer etter slike.

 
Katedralen ved Danilovklosteret

Etter oktoberrevolusjonen hyste klosteret arkimandrittar som hadde mista verva sine. I 1929 vedtok sovjetstyremaktene eit dekret om å stengje klosteret. Klosteret var det siste i Moskva som vart nedlagt, og det fyrste som vart gjenopna. I 1983 vart Danilovklosteret overført til Moskvapatriarkatet og vart det åndelege og administrative senteret i den russisk-ortodokse kyrkja. Klosteret vart sett i stand i 1988. Bustad vart bygt for patriarken av Moskva, til liks med eit gravkapell og eit kapell til tusenårsminnet om dåpen av Rus.

Kjelder endre

  1. Danilov Monastery in Transsib
  2. Никифор Феотоки (Nikifor Theotoki) in Brockhaus and Efron Encyclopedic Dictionary

Bakgrunnsstoff endre