Danmarks Nationalbank

55°40′37″N 12°35′10″E / 55.67694°N 12.58611°E / 55.67694; 12.58611 Danmarks Nationalbank er sentralbanken i Danmark. Nasjonalbanken blei skipa i 1818, som eit resultat av at staten gjekk konkurs i 1813 (Statsbankerotten). Hovudlovheimelen for dagens sentralbank er frå 1936, då den nye sentralbankloven blei vedteken. Sentralbanksjefen per juni 2012 er Nils Bernstein.

Danmarks Nationalbank

Danmarks Nationalbank i København, teikna av Arne Jacobsen.
CVR‑nummer61092919
Skipa1. august 1818
HovudkontorHavnegade 5, 1093 København K
LandDanmark
Grunnleggjar(ar)Fredrik VI av Danmark-Noreg
Nettstadwww.nationalbanken.dk

Dagens Nationalbank har desse hovudoppgåvene:

  • Sikra stabile prisar, det vil seia å oppnå låg inflasjon. Ifølgje eigen nettstad gjer nasjonalbanken dette ved å innretta pengepolitikken etter ein fast kronekurs i høve til euroen.
  • Sikra betalingar. Nasjonalbanken skal sikra avviklinga av kontante og elektroniske betalingar. Banken opplyser at han gjer det ved at han gjev ut setlar og mynter og sørgjer for at pengeinstitutta kan avvikla innbyrdes betalingar.
  • Stabilitet i det finansielle systemet. Nasjonalbanken overvaker finansiell stabilitet og betalingssystem, produserer finansiell statistikk og forvaltar statleg gjeld.[1]

Sidan Danmark er medlem av EU, er også sentralbanken medlem av Det europeiske systemet av sentralbanker (ESSB) og eurosamarbeidet. På denne måten har banken innverknad på pengepolitikken og den økonomiske politikken både i Danmark og i EU.

Kjelder endre

  1. Kort om Nationalbankens opgaver, Danmarks Nationalbank, 24. mai 2012 

Bakgrunnsstoff endre