Dansk Vestindia var ein tidlegare dansk koloni i Karibia som omfatta øyane St. Thomas, St. Jan og St. Croix. Det danske selskapet Vestindisk-guineisk Kompagni annekterte dei to øyane St. Thomas i 1672 og St. Jan i 1718. I 1733 vart St. Croix kjøpt frå Det franske vestindiske kompaniet. Dei tre øyane vart i 1754 selde til kongen av Danmark-Noreg. Dansk Vestindia var okkupert av Storbritannia i tida 1802 – 1803 og 1807 – 1815. Øyane vart reine danske koloniar etter at Danmark og Noreg skilde lag i 1814.

Dansk Vestindien
Dansk Vestindia
Dansk koloni

1672–1917

Flagget til Dansk Vestindia

Flagget til Danmark

Plasseringa til Dansk Vestindia
Plasseringa til Dansk Vestindia
Hovudstad Charlotte Amalie*
Poltisk struktur Koloni
Historie
 - Danskar oppretta den første permanente busetjinga på St. Thomas 1666
 - Oppretta 1672
 - St. Jan vart annektert 1718
 - St. Croix kjøpt frå Frankrike 1733
 - Seld til USA 31. mars 1917
Areal
 - 1901 346,36 km²
Innbyggjarar
 - 1901 est. 31 400 
     Folketettleik 90,7 /km² 
Valuta Den latinske myntunionen
I dag ein del av Dei amerikanske Jomfruøyane
* I tida 1754-1871 var Christiansted hovudstad

Målet med den danske koloniseringa i Vestindia var å utnytte den lønsame trekanthandelen, som gjekk ut på å eksportere skytevåpen og andre industrivarer til Afrika i byte mot slavar, som så vart frakta til øyane i Vestindia som arbeidskraft på sukkerplantasjane. Sluttetappen i trekanten var frakt av sukker til heimlandet. Økonomien i Dansk Vestindia var fullstendig basert på slaveri. Etter slaveriet vart avskaffa i 1848 gjekk Dansk Vestindia inn i ein økonomisk nedgangsperiode og i 1852 vart eit sal av Dansk Vestindia første gong debattert i Folketinget.

Danmark prøvde ved fleire høve å få seld eller bytta bort Dansk Vestindia på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, til høvesvis USA og Det tyske forbundet. Øyane vart til slutt seld til USA for 25 millionar dollar, som overtok administrasjonen 31. mars 1917 og gav dei namnet Dei amerikanske jomfruøyane (engelsk: U.S. Virgin Islands).

Tidsline endre

  • 1493   Christofer Columbus annekterte øyane for Spania
  • 1650   Fransk styre på St. Croix
  • 1651   Johanitterordenen overtok St. Croix
  • 1653   Fransk styre på St. Croix
  • 1666   Ei gruppe danskar danna den første permanente busetnaden på St. Thomas i 1666
  • 1671   Vestindisk-guineisk Kompagni vart oppretta ved eit kongeleg privilegiebrev
  • 1671   Bygginga av Fort Christian i Charlotte Amalie byrja
  • 1673   Den første sendinga av afrikanske slavar til St. Thomas
  • 1675   Det første danske forsøket på å kolonisere St. Jan
  • 1696   Franskmennene forlet St. Croix
  • 1718   25. mars annekterte guvernør Bredal St. Jan og det danske flagget vart heist på plantasjen Carolina i Coral Bay
  • 1733   Danmark kjøpte St. Croix av Frankrike
  • 1733   Dansk Vestindias første store slaveopprør fann stad på St. Jan
  • 1733   Reglement som tok omsyn til at slavar, i motsetnad til annan eigedom, har sin egen vilje og dermed kan oppføre seg uhensiktmessig eller vere ulydig, vart vedtatt
  • 1750   Det første danske kartet over St. Croix vart gjeve ut og var signert av Johan Cronenberg og Johan Jægersberg
  • 1754   Øyane vart dansk kronkoloni
  • 1756   Etablering av kolonien Dansk Vestindia
  • 1759   Det andre store salveopprøret i Dansk Vestindias skjedde i Christiansted på St. Croix i jola
  • 1762   Storbritannia fråfall kravet sitt på St. Jan og godkjente dansk suverenitet
  • 1801   Britane okkuperer Dansk Vestindia 31. mars. Okkupasjon vert avslutta 16. februar 1802
  • 1803   Import av slavar vart forbode frå 1. januar, medan slavehald var framleis lov
  • 1807   Britane okkuperer Dansk Vestindia i desember. Okkupasjonen vert avslutta 20. november 1815
  • 1840   Slavane fekk offisiell eigedomsrett
  • 1848   Guvernør Peter von Scholten kom med erklæringa frå Fort Frederik som frigav alle slavar i Dansk Vestindia.
  • 1856   Dansk Vestindia starta utgjeving av eigne frimerke
  • 1864   Danmark prøvde ved fredsforhandlinga i Wien å gje Dansk Vestindia til Det tyske forbundet mot å få halde hertugdøma Slesvig og Holsten, eit forslag som vart avvist
  • 1867   24. oktober godkjente Danmark sal av St. Thomas og St. Jan til USA for 7,5 millionar dollar i gull
  • 1870   Salsavtalen frå 1867 vart ikkje gjennomført
  • 1902   Semje med USA om sal av alle tre øyane for fem millionar dollar, men vart stoppa av Landstinget
  • 1915   David Hamilton Jackson organisert den svarte landarbeidarfolkesetnaden i ei fagforeining og ein omfattande streik vart sett i gang om våren for høgare løn og betre arbeidsforhold
  • 1916   Folkeavstemming i Danmark om sal av Dansk Vestindia. 283 000 stemte for og 158 000 mot
  • 1916   USA kjøpte Dansk Vestindia 12. desember for 25 millionar dollar
  • 1917   Øyene vart formelt overlevert til USA 31. mars og får namnet Dei amerikanske jomfruøyene

Sjå òg endre

Litteratur endre

  • Thorkild Hansen: Slavernes øer, København 1970, ISBN 87-00-00862-1
  • Signe Trolle Gronemann og Rikke Vindberg:I Orkanens Øje - Beretninger fra Orlogsskibet Valkyriens togt til Dansk Vestindien 1915 – 1917, København 2005
  • Hugh Zachariae: Lucretia og Margaret. Slavebarnets historie, Højbjerg i Danmark 2005.
  • Kenneth Bo Jørgensen: Turen går til Dansk Vestindien. Politikens Rejsebøger, 1. utgåve, København 2006, ISBN 87-567-7333-1

Bakgrunnsstoff endre