Darjeeling Himalayan Railway

Darjeeling Himalayan Railway er ein 80 km lang, smalspora (610mm) jarnbane som forbind Darjeeling i Vest-Bengal til omverda. Andre endestasjonen er Siliguri. Darjeeling Himalayan Railway i distriktet Darjeeling blei ført opp på UNESCO si liste over verdsarv i 1999. Jarnbana, som blei opna i 1881, blir driven av Indian Railway. Den blei bygd av britane mellom 1879 og 1881 og blir sett på som det første og enno det mest storslagne eksempelet på jarnbanar i veldig høgtliggande område.

Darjeeling Himalayan Railway

Jarnbana er framleis stort sett dampdreven. Linja har ei høgdeforskjell fra 100 moh ved Siliguri til 2200 moh ved Darjeeling.

Lokomotiv endre

 
No.787 etter ombygging til oljefyring.
 
No.778 gjekk opphavleg ved Darjeeling, men er transportert til og resturert i England. Biletet er frå Ffestiniog Railway i Oxfordshire.

Alle damplokomotiv som er i bruk på jarnbana er av klasse 'B'. Lokomotiva er bygd mellom 1889 og 1925. Av totalt 34 lokomotiv som er bygd, var det i 2005 berre 12 igjen i drift.

To diesellokomotiv er i bruk, Nr.604 & 605. Dei er begge to av klasse NDM6. Begge er i utgangspunktet bygd for Matheran Hill Railway.

Bakgrunnsstoff endre