Darwindagen 12. februar er ein merkedag som markerer fødselen til og heidrar den engelske naturforskaren Charles Darwin. Dagen vert òg nytta som ei generell feiring av vitskap, somme stadar òg humanisme.

Som festdag er Darwindagen relativt ny, og vart feira for første gong i USA i 1980. I Noreg vart han først markert i 2006 ved Universitetet i Oslo, som arrangerte populærvitskaplege foredrag på initiativ frå ei rekkje unge forskarar. Året etter følgde Universitetet i Bergen etter etter den same oppskrifta.

Kjelder endre