Dave Bargeron

amerikansk musikar

David «Dave» Bargeron (fødd 6. september 1942 i Athol i Massachusetts)[1] er ein amerikansk trombonist og tubaist som er mest kjend for å spele i jazzrockgruppa Blood, Sweat, and Tears. Han vart med i gruppa i 1970, etter at Jerry Hyman slutta, og var først med på albumet Blood, Sweat & Tears 4. Med denne gruppa spelte han ein tubasolo på albumet Live and Improvised (1975) på «And When I Die/One Room Country Shack». Han vert ofte samanlikna med trombonisten James Pankow frå Chicago og Jim Pugh frå Woody Herman band.

Dave Bargeron
Statsborgarskap USA
Fødd 6. september 1942 (81 år)
New York by
Yrke jazzmusikar, musikar
Medlem av Blood, Sweat & Tears

Han var førstetrombonist i Clark Terry's Big Band, og (frå 1968-1970) spelte han basstrombone og tuba i Doc Severinsen's Band.

Etter han slutta i Blood, Swet and Tears, vart Bargeron studiomusikar med base i New York City, og har spelt med Paul Simon, Mick Jagger, James Taylor, Eric Clapton, David Sanborn, Carla Bley og Pat Metheny. Bargeron spelar i dag med George Gruntz Concert Jazz Band frå Sveits, George Russell Living Time Orchestra, og var lenge medlem av Jaco Pastorius sitt Word of Mouth Band.

Diskografi endre

Med Gil Evans

Med George Gruntz

Kjelder endre