Davey Graham

britisk gitarist

David Michael Gordon «Davey» Graham (opphavleg Davy Graham, 26. november 194015. desember 2008) var ein britisk gitarist og ein av dei mest innverknadsrike figurane i den britiske gjenoppliviga av folkemusikk på 1960-talet. Han inspirerte mange kjende utøvarar av fingerstil-gitarspel som Bert Jansch, Wizz Jones, John Renbourn, Martin Carthy, John Martyn, Paul Simon og Jimmy Page, som basert soloen sin «White Summer» på Graham si innspeling «She Moved Through the Fair». Graham er nok best kjent for den akustiske instrumentalen sin «Anji», og for å popularisera DADGAD-stemming, som seinare blei mykje brukt av akustiske gitaristar.[1]

Davey Graham
Fødd26. november 1940
FødestadHinckley
Død15. desember 2008 (68 år)
DødsstadStor-London
FødenamnDavid Michael Gordon Graham
AliasDavy Graham
OpphavStorbritannia
Aktiv1959–2008
Sjangerfolkemusikk
InstrumentGitar, sarod, lutt, oud, vokal
PlateselskapTopic Records
Verka somgitarist, låtskrivar

Liv endre

Bakgrunn endre

Davey Graham blei fødd i Market Bosworth i Leicestershire i England.[2][3] Mor hans Winifred (kjend som Amanda), var frå Guyana, medan faren, Hamish, var ein lærar frå Skye.[4][5] Han voks opp i Westbourne Grove i Notting Hill Gate i London.[5] Han fekk aldri formell musikkteoriopplæring, men lærte å spela piano og munnspel som liten, og byrja spela klassisk gitar då han var 12.[6] Som tenåring blei han sterkt på verka av folkegitarspelaren Steve Benbow, som hadde reist mykje med militæret og spelte gitar i ein stil påverkar av marokkansk musikk.[7]

Då Graham var 19 år skreiv han noko som kanskje er hans mest berømte komposisjon, den akustiske gitarsoloen «Angi» (også stava «Anji»). Colin Harper tillegg Graham med å ha funne på konseptet med ein folkegitarinstrumental.[2]  «Angi» hadde namn etter kjæresten hans på den tida, og blei gjeven ut på debut-EP-en hasn 3/4 AD i april 1962. Melodien spreidde seg gjennom ein generasjon av nye gitaristar, og stavinga endra seg etter kvart. Før plata var gjeven ut hadde Bert Jansch lært songen frå eit opptak frå 1961 som han hadde lånt av Len Partridge. Jansch inkluderte songen på debutalbumet sitt frå 1965, som «Angie».[8] Stavemåten «Anji» blei meir utbreidd etter at songen var med på albumet Sounds of Silence av Simon & Garfunkel frå 1966.

Nokre andre musikarar som har spelt «Anji» er John Renbourn, Lillebjørn Nilsen, Gordon Giltrap, Clive Carroll og anarkistgruppa Chumbawamba, som brukte gitarstykket som grunnlag for antikrigssongen sin «Jacob's Ladder (Not in My Name)».[9]

DADGAD endre

Noko av den varige arven etter Graham er gitarstemminga DADGAD (Open Dsus4), som han gjorde populær på byrjinga av 1960-talet.[10] Han utvikla stemminga medan han reiste rundt i Marokko, slik at han kunne spela med og fortolka den tradisjonelle oud-musikken han høyrde her på gitar. Graham gjekk så vidare til å eksperimentere med å spela tradisjonelle folkeviser i DADGAD-stemming, ofte med innlegging av indiske og midtausten-inspirerte skalaer og melodiar. Eit godt eksempel er arrangementet hans for den tradisjonelle air-melodien «She Moved Through the Fair», som han spelte inn live ved Troubadour i Earl's Court i 1964. Stemminga gir fridom til å improvisera i diskanten, medan det blir halde ein solid underliggjande harmoni og rytme i bassen – sjølv om det avgrensar talet på toneartar ein lett kan spela. Gitaristar hadde brukt «ikkje-standard» eller «ikkje-klassiske» stemmingar før dette (til dømes open E og open G, brukt både av blues- og slide-gitaristar), men DADGAD innførte ei ny «standard»-stemming.[11]

Diskografi endre

Studioalbum endre

  • The Guitar Player (1963)
  • Folk, Blues and Beyond (1965)
  • Midnight Man (1966)
  • Large as Life and Twice as Natural (1968)
  • Hat (1969)
  • Holly Kaleidoscope (1970)
  • Godington Boundary (1970), med Holly Gwinn
  • All That Moody (1976)
  • The Complete Guitarist (1978)
  • Playing in Traffic (1991)
  • Broken Biscuits (2007)

EP-ar endre

  • 3/4 AD (1962)[12]
  • From a London Hootenanny (1963)[13]

Livealbum endre

  • After Hours (1997)[14]

Samlealbum endre

  • Dance for Two People (1979)
  • Folk Blues and All Points in Between (1985)
  • Fire in the Soul (1999)
  • The Best of Davy Graham (A Scholar & A Gentleman) (2009)
  • Anthology-Lost Tapes 1961–2007 (2012)

Samarbeid endre

  • Folk Roots, New Routes (1964) med Shirley Collins

Kjelder endre

  1. Til dømes Mícheál Ó Domhnaill, Dáithí Sproule, Russian Circles, Stan Rogers, Jimmy Page, Artie Traum, Pierre Bensusan, Eric Roche, Laurence Juber, Tony McManus, Bert Jansch, Richard Thompson, Dick Gaughan, Imaad Wasif, Jeff Tweedy, Paul McSherry, DEPAPEPE, Ben Chasny og Trey Anastasio.
  2. 2,0 2,1 Harper, Colin (August 2006). Dazzling Stranger: Bert Jansch and the British Folk and Blues Revival (2nd utg.). London: Bloomsbury. ISBN 978-0-7475-8725-5. 
  3. «Folk musician Davy Graham honoured with birthplace plaque». BBC News (på engelsk). 26. november 2016. Henta 6. juni 2023. 
  4. Hughes, Rob (December 2022). «Midnight Man». Uncut: 60. 
  5. 5,0 5,1 Denselow, Robin (17 December 2008). «Obituary: Davey Graham». The Guardian (London). s. 32. 
  6. «Obituary: Davy Graham». The Telegraph (London). 18 December 2008. 
  7. Hodgkinson, Will (15 July 2005). «Davey Graham». The Guardian. 
  8. «Sounds Of Silence» (på engelsk). Henta 5. august 2020. 
  9. Gill, Andy. «Album: Chumbawamba - Readymades, Republic/Universal» (på engelsk). Henta 5. august 2020. 
  10. Irwin, Colin (16 June 2011). «Davey Graham invents DAGDAD». The Guardian (London). 
  11. «Obituary of Davey Graham». The Times. 22 December 2008. s. 50. 
  12. With Alexis Korner, guitar, on one track.
  13. As The Thameside Four and Davy Graham.
  14. Recorded at Hull University in 1967.