Denne artikkelen handlar om musikaren frå California. For musikaren frå Alabama, sjå David Paul Briggs.

David Briggs (29. februar 194426. november 1995) var ein amerikansk plateprodusent som er mest kjend for arbeidet sitt med Neil Young og bandet hans Crazy Horse.

David Briggs

Fødd29. februar 1943
FødestadDouglas
Død26. november 1995 (51 år)
DødsstadSan Francisco
OpphavUSA
Aktiv1962–1994
SjangerHardrock, countryrock, bluesrock
Verka somPlateprodusent

Biografi endre

David Briggs var fødd i Douglas i Wyoming, men slo seg ned i California. Tidleg i 60-åra byrja han å jobbe i musikkbransjen i selskapet til Bill Cosby, Tetragrammaton Records.[1] I mai 1966,[2] fekk han høvet til å spele på Elvis Presley-albumet How Great Thou ArtFloyd Cramer kom for seint. Briggs fortsette å spele og turnere med Presley fram februar 1977.[3] Eit av dei første albuma han produserte var for komikaren Murray Roman. I følgje Briggs var dette det første albumet nokon gong med ordet «fuck» på det. Briggs arbeidde etter kvart sjølvstendig med folk som Alice Cooper, Spirit og Jerry Lynn Williams.[4]

I 1968, etter å ha plukka opp ein haikande Neil Young, produserte Briggs det første soloalbumet hans, Neil Young (1968). Dette førte til eit livslangt venskap mellom dei to mennene, og Briggs var med å produsere mange album for Young, mellom anna Everybody Knows This is Nowhere og After the Gold Rush. Det siste albumet han produserte var Young sitt Sleeps with Angels i 1994, før Briggs døydde i 1995. Briggs har òg arbeidd på album for artistar som Spirit, Tom Rush, Nils Lofgren, Steve Young, Nick Cave and the Bad Seeds og Royal Trux.

David Briggs døydde 26. november 1995 etter lang kamp mot lungekreft, 51 år gammal.

Utvald diskografi som produsent og medprodusent endre

Neil Young endre

Andre artistar endre

Kjelder endre