David Coulthard

Coulthard signerer autografar ved "Goodwood Festival of Speed" i 2005
Nasjonalitet Storbritannia Storbritannia
Nummer på bilen 14
Køyrer for Red Bull
Formel 1-karriere
Antall løp 223 (222 startar)
Vunne meisterskap 0
Sigrar 13
Pallplasseringar 61
Pole position 12
Karriere-poeng
Raskaste runde 18
Første løp Spania Grand Prix 1994
Første siger Portuguese Grand Prix 1995

David Marshall Coulthard (fødd 27. mars 1971) er ein skotsk formel 1-sjåfør som for tida køyrer for laget Red Bull Racing. Han har til saman 13 sigrar og har vore på podiet 61 gonger.

Coulthard var fødd i Twynholm i Kirkcudbrightshire, regionen som i dag er Dumfries and Galloway. Han byrja køyre Go Cart sidan han var liten, og byrja etterkvart med Formel Ford i 1989. Han utmerkte seg så mykje at han vann den første «Autosport Young Driver of the Year»-prisen. David Coulthard har og køyrd Formel 3 og Formel 3000.

Formel 1 endre

Williams-Renault endre

 
British GP, 1994

Coulthard starta karrieren i formel 1 då han i 1993 vart testførar for Williams-Renault. Då Ayrton Senna omkom i 1994 overtok Coulthard plassen som andreførar i laget, sjølv om han i nokre løp måtte overlate plassen til den tidlegare verdsmeisteren Nigel Mansell. Han køyrde heile 1995-sesongen for Williams laget og vann sitt første løp, Portugal GP, dette året.

McLaren endre

Framfor 1996-sesongen signerte Coulthard for McLaren og vart lagkamerat med finnen Mika Häkkinen. I løpet av dei seks sesongane dei køyrde saman var Häkkinen jamnt over raskare enn Coulthard og vann 20 løp og to verdsmeisterskap, Coulthard vann halvparten og har ein andre plass i samandraget i 2001 som beste resultat.

I løpet av 2001-sesongen signerte McLaren den uerfarne Kimi Räikkönen og Coulthard fekk dermed ein ny finne som lagkamerat frå 2002-sesongen. Dei tre neste sesongane vann Coulthard to løp, blant anna det prestisjetunge Monaco Grand Prix i 2002. Før 2005-sesongen signerte McLaren Juan Pablo Montoya som lagkamerat til Räikkönen og Coulthard måtte finne seg et nytt lag.

Red Bull Racing endre

 
David Coulthard for Red Bull under Canada GP 2005

Til trass for mange spekulasjonar om at Coulthard ville liggje opp signerte han for Red Bull Racing føre 2005-sesongen og vart med dette lagkamerat med Christian Klien. Coulthard fann seg godt til rette i det meir uortodokse og ungdommelege laget, til trass for sin forholdsvis høge alder. Han fekk blant anna beskjed frå lagleiinga at han ikkje lenger trengde å barbere seg kvar dag, noko han var vann til frå McLaren. Etter dette har Coulthard ved fleire høve hatt skjegg både under testing og løp. Han har forlenga kontrakten med Red Bull to gonger og skal minst køyre ut 2008-sesongen for laget.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: David Coulthard


Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2008
  Ferrari   BMW Sauber   Renault   Williams   Red Bull   Toyota   Toro Rosso   Honda   Super Aguri   Force India   McLaren
  Räikkönen
  Massa
  Heidfeld
  Kubica
  Alonso
  Piquet
  Rosberg
  Nakajima
  Coulthard
10   Webber
11   Trulli
12   Glock
14   Bourdais
15   Vettel
16   Button
17   Barrichello
18   Sato
19   Davidson
20   Sutil
21   Fisichella
22   Hamilton
23   Kovalainen