David Montgomery (fødd 6. november 1948 i Bangor i Nord-Irland) er ein britisk medieinvestor. Han er utdanna ved Queen's University i Belfast, der han studerte historie og politikk og var redaktør for studentbladet The Gown.

David Montgomery
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 6. november 1948 (75 år)
Bangor i Nord-Irland
Yrke journalist, forretningsdrivande, avisredaktør, administrerande direktør
Ektefelle Sophie Birdwood

Frå 1973 til 1976 arbeidde han som redaktør for avisa The Daily Mirror. I 1976 gjekk han over til The Sun, der han var fram til 1980. Seinare arbeidsgjevarar var Sunday People, News of the World (1982–1987) og Today (1987–1991). Ved sida av den journalistiske yrkeskarrieren sin, var han forretningsførar for den private fjernsynsstasjonen Satellite Television PLC (1986–1991) og London Live TV (1991–1992).

I 1990-åra vart han kjend som forretningsførar for Mirror Group. Etter at mediebaronen Robert Maxwell døydde under uklare omstende i 1991, overtok Montgomery i 1992 leiinga av det britiske avishuset. Trass i fallande opplag lukkast det Montgomery å auke børsverdien kraftig, mellom anna gjennom innsparingstiltak og oppseiingar. Dei tøffe forretningsmetodane gav han tilnamnet «Rommel». Han trekte seg i 1999 etter usemje med styret.

I dag er Montgomery best kjend som investor via selskapet Mecom. Han eig aviser i fleire europeiske land. I 2003 kjøpte han irske Local Press Group, som han selde to år seinare. I Tyskland overtok han Berliner Zeitung i oktober 2005. I Noreg vart namnet til Montgomery med eitt kjent då det i juni 2006 vart kjent at Orkla hadde avgjort at mediedivisjonen, Orkla Media, skulle seljast til Montgomery sitt føretak Mecom.

Bakgrunnsstoff endre

Nettfjernsyn endre