David Teniers den yngre

David Teniers den yngre (15. desember 161025. april 1690) var ein flamsk sjangermålar frå Antwerpen. Teniers er mest kjend for sine måleri frå bondelivet. Også far hans med same namn var ein kjend målar.

David Teniers den yngre

Statsborgarskap Habsburg Netherlands
Fødd 15. desember 1610
Antwerpen
Død

25. april 1690 (79 år)
Brussel

Yrke kunstmålar, miniaturist, grafikar, bygningstegner, grafikar
Sjanger portrett, historiemåleri, sjangermåleri, allegori, landskapsmåleri, stilleben, mytologisk maleri
Medlem av Antwerpen Sankt Lukas Gilde
Far David Teniers I
Ektefelle Anna Brueghel
Born David Teniers III
David Teniers den yngre på Commons

Liv og gjerning endre

Teniers viktigaste lærar var faren, David Teniers den eldre. Seinare vart han påverka av Peter Paul Rubens og særleg av Adriaen Brouwer. Han vart medlem av Sint-Lucasgildet i Antwerpen frå 1633, i 1645 vart han leiar av lauget. I 1637 gifta han seg med Anna Brueghel, ei dotter av Jan Brueghel den eldre.

 
Erkehertug Leopold i galleriet sitt, ca. 1651

Teniers sin viktigaste lærar var faren, David Teniers den eldre. Seinare vart han påverka av Peter Paul Rubens og særleg av Adriaen Brouwer. Han vart medlem av Sint-Lucasgildet i Antwerpen frå 1633, i 1645 vart han leiar av lauget. I 1637 gifta han seg med Anna Brueghel, ei dotter av Jan Brueghel den eldre.

Frå 1651 var Teniers hoffmålar i Brussel for erkehertug Leopold Vilhelm. Samstundes hadde han ansvar for erkehertugen si biletsamling. Han måla både kopiar av enkeltbilete i samlinga og av sjølve samlinga. I 1660 laga han Pictorium Theatrum, den aller første illustrerte katalogen av ei samling av måleri. Nesten eigenhendig grunnla han i 1664 det kongelege kunstakademiet i Antwerpen.

Teniers var svært produktiv, hundrevis av arbeida hans finst att og heng i nesten alle dei store kunstgalleria. Sjangermåleria hans var i si tid svært populære mellom samlarar. Desse er måla i ein stil som minner om Brouwer sin, men er mindre kraftfulle. Han måla også mange bilete med motiv frå det borgarlege liv, figurane er måla etter påverknad frå Peter Paul Rubens.

 
'Bønder speler kort i eit interiør', 1630-1645

Teniers måla ei mengd bilete frå landsbygda med folk som drikk, røyker og spelar kort på ei skjenkestove. Mange arbeid viser folkefestar, skilderhus, alkymistar i sine laboratorium og heksekjøken; totalt skal Teniers ha laga om lag 800 bilete. Ein stor del av livsverket hans var sjangermåleri over emne frå Bibelen, særleg om freistinga av Antonius, mellom 100 og 200 måleri over dette emnet vert tillagt Teniers og elevane hans.

Teniers var den mest fruktbare av dei flamske bondemålarane. Bileta has er meir moderate og mindre grove i framstillinga av landlivets gleder. Måleria er velkomponerte og har ein godmodig humor og ein rik og frisk fargebruk.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: David Teniers den yngre