Davik kyrkje

kyrkje i Bremanger kommune

Davik kyrkje står i bygda Davik i Bremanger kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1886.[1]

Davik kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bremanger
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordfjord
Sokn Davik
Fellesråd Bremanger
Type Langkyrkje
Arkitekt Georg Andreas Bull[1]
Material Tre
Innvigd 6. juli 1886[1]
Sitjeplassar 500[1]
Kart
Davik kyrkje
61°53′32″N 5°31′56″E / 61.8921°N 5.5323°E / 61.8921; 5.5323
Wikimedia Commons: Davik kirke

Kyrkja vart sett opp etter teikningar laga av arkitekt Georg Andreas Bull og har sitjeplassar til 500 personar. Før det vart sett inn orgel på galleriet i 1933 var det plass til kring 700 personar i kyrkja, og ho er ei av dei største i fylket.[1]

Altartavla er frå 1885 og viser nattverden. Ho er laga av Anders Ohrem og Ole Marius Holmøe. Preikestolen er rikt utskoren og er frå 1600-talet.[1]

Davik kyrkje er soknekyrkje for Davik sokn i Nordfjord prosti. Området høyrde fram til 1740 til Eid prestegjeld. Då vart sokna Davik, Rugsund og Ålfoten skilde ut som eit eige prestegjeld som fekk namnet Davik.[2]

Det har vore kyrkje på Davik sidan mellomalderen. Ein finn Davik-kyrkja nemnd fyrste gongen i kjeldene i 1306. Kyrkja som då stod var truleg ei stavkyrkje frå 1200-talet. Det neste kyrkjebygget vart reist i 1655 og var ei tømra langkyrkje. Denne vart i sin tur erstatta av ei krosskyrkje i 1750 [2] Krosskyrkja stod til etter at den noverande kyrkja stod ferdig i 1886, då vart ho riven. Grunnen til at kyrkja frå 1750 vart erstatta var at ho var vorten for lita.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Aaraas, Margrethe Henden; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Davik kyrkje». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 6. mars 2021. 
  2. 2,0 2,1 ««Davik-kyrkja låg lenge under Eid» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon».  Vitja 11. januar 2009

Bakgrunnsstoff endre