Daymer Bay
Daymer Bay er ei strand på austsida av River Camel-estuaret nord i Cornwall i Storbritannia. Ho ligg nedanfor landsbyen Trebetherick. Bukta grenser i nord til Trebetherick Point og i sør til Brae Hill.
Stranda vert mykje nytta til brettsegling og kitesurfing. Daymer Bay-stranda har mange sanddyner og bak desse ligg St Enodoc-kyrkja der diktaren John Betjeman er gravlagd.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Daymer Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 21. desember 2009.