De Havilland DH 82 Tiger Moth

De Havilland DH 82 Tiger Moth, er eit britisk todekkar-skulefly konstruert av de Havilland. Det vart blant anna brukt av det britiske flyvåpenet, Royal Air Force (RAF), som skulefly. Det vart verande i teneste hos RAF fram til 1950, då mange av flya vart selde til sivile eigarar. Fleire er enno i bruk som veteranfly.

De Havilland DH 82 Tiger Moth i lufta i 1989.

Historie og utvikling endre

 
Kanadisk DH.82C Tiger Moth

Prototypen av DH 82 Tiger Moth vart utvikla frå de Havilland DH 71 Tiger Moth.[1] Det britiske luftministeriet bestilte ein einskild prototype, som var på leit etter eit treningsfartøy.[1]

RAF bestilte 35 Tiger Moth I som fekk nemninga K2567-K2601.[1] Ein påfølgjande ordre på 50 fly, utstyrt med de Havilland Gipsy Major I 130 hk motor, fekk nemninga DH 82A Tiger Moth II.

Tiger Moth vart teken i bruk av Rafs Central Flying School i februar 1932. Ved utbrotet av andre verdskrigen hadde RAF 500 eksemplar av flyet og eit stort tal sivile fly vart rekvirerte for å møta behovet for treningsfly.

Ved slutten til krigen hadde meir enn 7 000 Tiger Moth vorte bygde; 4 005 Tiger Moth II vart bygde i løpet av krigen for RAF. Nesten halvparten vart bygde av Morris Motor Company. Det vart bygd 151 til i Noreg, Sverige og Portugal, og 2 949 vart bygde i andre land i Det britiske samveldet. Canada bygde 200 Tiger Moth for United States Air Force som gav dei nemninga PT-24.

I jordbruksland som New Zealand og Sør-Afrika vart Tiger Moth ombygga til landbruksføremål for spreiing av kunstgjødsel og insektmiddel. Dette innebar at passasjerplassen måtte vika for ein haldar med kunstgjødsel eller insektmiddel. Seinare vart Tiger Moth erstatta med meir moderne og føremålstenlege maskiner. Dei overflødige flya vart selde til flyentusiastar.

 
Winston Churchill, David Margesson og andre vente på å sjå målflyet DH.82 Queen Bee ta av 6. juni 1941.

Det vart òg bygd ein radiostyrt versjon av Tiger Moth II til bruk som målfly. Flyet slepte etter seg ein segldukspose i ei lang line slik at luftvernartilleriet kunne driva skyteøvingar mot denne. Versjonen frå 1935 vart kalla DH.82 Queen Bee, og bruken av ordet «drone» for umanna fly skal stamma frå denne tida, der flyet vart kalla «dronningbia», medan ein «drone» er ei mannleg bie som flyg ein gong i livet på leit etter dronninga og så døyr.[2][3]

Spesifikasjonar endre

  • Besetning: 2 (instruktør og elev)
  • Lengd: 7,34m
  • Vengespenn: 8,94m
  • Høgd: 2,68m
  • Vingeflate: 22,2 m²
  • Tomvekt: 506 kg
  • Vekt lasta: 828 kg
  • Motor: 1 de Havilland Gipsy Major 4-sylindra, 130 hk (100 kW)

Yting endre

  • Toppfart: 175 km/t ved 300 m
  • Rekkjevidd: 486 km
  • Marsjhøgde: 4 145 m

Samanliknbare fly endre

  • Boeing-Stearman Ksaydet
  • Bücker Bü 131 Jungmann
  • Fleet Finch
  • Focke-Wulf Fw 44
  • Gotha Go 145
  • Stampa SV.4
  • Polikarpov Po-2

Tiger Moth i Noreg endre

 
LN-MAX på Storfosna
Foto: Tommy Gildseth

37 Tiger Moth og 10 Standard (Metal) Moth-variantar vart bygde på lisens ved flyfabrikken på Kjellar i perioden 1928 til 1940. Av i alt 13 DH60M frå Kjellar vart seks selt til Widerøes Flyveselskap som nytta flytypen i åra 1935–39. I 2016 vart det arbeidd med gjenoppbygging av ein DH60M fullført av Kjeller Flyhistoriske Forening. Vraket av denne 1929-modellen vart kjøpt frå Australia i 2006 (ex VH-UKC c/n 711, no LN-KFM) og denne framstår no som i fabrikkny stand etter å ha vore lagra heilt sidan eit havari i mai 1930. Dette vert då det eldste flygande flyet i Noreg.

Det finst i tillegg fem luftdyktige Tiger Moth i Noreg; LN-MAX, LN-BDM, LN-KFT (alle tre grøne), LN-KAY (sølv) og LN-ADC (raud og sølv). Alle fem har base på Kjellar flyplass.

LN-MAX 127 og LN-BDM 145 er ått og vert operert av NRF Veteranflygruppen – som er i idrettsallianse med Nedre Romerike Flyklubb (NRFK).

LN-KFT 189 er einaste kjellerbygde Tiger Moth som er luftdyktig i Noreg. Det vart gjenoppbygd i perioden 1997–2006 av Kjeller Flyhistoriske Samskipnad (KFF).

LN-KAY 171 hadde første flyging på 20 år i 2015 etter gjenoppbygging på Skedsmokorset. Flyet vart same år floge tur/retur Kjeller til Woburn Abbey i England.

LN-VYG er ein havarert Tiger Moth på Rygge. Flyet kan gjenoppbyggast.

Kjellerbygde Tiger Moth merkte 151 i Flyvåpenet til hæren som i nærare 30 år var utstilt ved Forsvarsmuseet på Akershus festning er flytta for å gje plass til andre utstillingar. Flyet er ått av Stiftelsen Militærhistorisk Forum Austlandet (SMFØ) og er for tida ikkje utstilt.

Luftforsvarsmuseet i Bodø har ein Tiger Moth merka 141 utstilt. Dette er eit britisk fly som aldri har vore brukt av Flyvåpenet før andre verdskrigen.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Jackson 1966, s. 4.
  2. "The Flight of 'Drone' From Bees to Planes" Arkivert 31. august 2017 ved Wayback Machine. Wall Street Journal, 26. juli 2013
  3. "The Flight Of ‘Drone’ From Bees To Planes" Arkivert 31. august 2017 ved Wayback Machine. Fortuna's corner
Bibliografi
  • Jackson, A.J. The de Havilland Tiger Moth: Aircraft Profile No. 132. Leatherhead, Surrey, UK: Profile Publications Ltd., 1966.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: De Havilland DH 82 Tiger Moth