De Long-øyane (russisk Острова Де-Лонга, Ostrova De-Longa) er ei øygruppe som ofte vert rekna som ein del av Nysibirøyane i Russland. Dei ligg aust for Novaja Sibir og består av Jeannetteøya, Henriettaøya, Bennettøya, Vilkitskijøya og Zjokhovøya. Desse fem øyane har eit samla areal på 228 km². Med 75 km² er Bennettøya den største av dei. Øyane ligg rundt 77 °N, og er delvis dekte av isbrear. I 1996 var det samla arealet av øyane som var dekt av is og brear 80,6 km².[1] Øygruppa høyrer til republikken Sakha i Russland.

De Long-øyane
øygruppe
Land  Russland
Del av Nysibirøyane
Kart
De Long-øyane
76°38′36″N 153°39′04″E / 76.64333333°N 153.65111111°E / 76.64333333; 153.65111111
Wikimedia Commons: De Long Islands
Plasseringa til De Long-øyane.

De Long-øyane var ein gong store åsar på Den store arktiske sletta som ein gong danna den nordlege delen av Beringia i sein kvartær mellom Sibir og Alaska under siste glasiale maksimum. Desse øyane er det som er att av ei om lag 1,6 millionar kvadratkilometer stor slette som i dag ligg under Nordishavet og Aust-Sibir-havet. I perioden rundt siste glasiale maksimum var havnivået 100-120 meter under dagens havnivå og kystlinja låg 700–1000 km lenger nord enn i dag. Det var ikkje mykje is på sletta i denne perioden fordi ho låg i regnskuggen til isbreane som dekte Nord-Europa. Det meste av Den store arktiske sletta kom under vatn, bortsett frå Nysibirøyane og andre isolerte øyar, over relativt kort tid, om lag 7000 år, under tidleg eller midt i holocentida.[2][3][4]

I det ekstremt kalde polarklimaet under Siste Glasiale Maksimum, for 17 000-24 000 år sidan, vart det danna små passive isbrear på De Long-øyane. Delar av denne isen er bevart på Jeannette, Henrietta og Bennettøyane. Spor av tidlegare isbrear er bevart på Zjokovøya i form av fjellsider, dalbotnar og is under overflata.[2][4][5]

Geologi endre

Bergartar frå tidleg paleozoikum, nyare paleozoikum, krittida og neogen er kartlagd på De Long-øyane. Bergartar frå tidleg paleozoikum er sediment frå kambrium og ordovicium med små mengder kalkstein innimellom. Frå nyare palezoikum finn ein hovudsakleg folda og forskutte basaltisk andesitt og dioritt, tuff, lava, årer og lagergangar. Av bergartar frå krittida finn ein basaltar med argilittar, sandstein og noko kol. Dei yngste bergartane på De Long-øyane er basaltisk vulkanstein frå neogentida.[6][7]

Historie endre

Jeannetteøya, Henriettaøya og Bennettøya vart oppdaga i 1881 av USS «Jeannette»-ekspedisjonen leia av kommandørløytnant George W. DeLong frå US Navy. De Long erklærte øyane USA sitt territorium.[8] USA påstår at dei ikkje nokon gong har vorte gjort krav på øyane,[9] men Marinen si avdeling innan forsvardepartementet påstår at dei tok eigarskap over Henriettaøya.[10]

I august 1901 var det russiske polarskipet «Zarja» på veg over Laptevhavet for å leite etter det segnomsuste Sannikov Land (Zemlja Sannikova), men vart raskt blokkert av pakkis ved Nysibirøyane. I 1902 prøvde dei å nå Sannikov land, som var meint å ligge bortanfor De Long-øyane, og heldt fram over isen medan «Zarja» låg innelåst. Den russiske polfararen og leiaren av ekspedisjonen, baron Eduard Toll og tre av mannskapet forsvann sporlaust i november 1902 medan dei reiste frå Bennettøya og sørover på lause isflak.

Vilkitskijøya og Zjokovøya vart oppdaga av Boris Vilkitskij under den russiske arktiske hydrografiske ekspedisjonen i 1913 og 1914. Dei ligg noko lenger sør (rundt 76°N) og er isfrie og langt meir lågtliggande.

Det låg ein forskingsstasjon på Henriettaøya frå 1937 til 1963.[11]

Kjelder endre

  1. Glazovskij, A.F., 1996, Russian Arctic. i J. Jania og J.O. Hagen, eds. Mass Balance of Arctic Glaciers. International Arctic Science Committee (Working Group on Arctic Glaciology) Report No. 5, Faculty of Earth Sciences University of Silesia, Sosnowiec-Oslo, Norway. s 62
  2. 2,0 2,1 Anisimov, M.A. og V.E. Tumskoy, 2002, Environmental History of the Novosibirskie Islands for the last 12 ka. 32nd International Arctic Workshop, Program og Abstracts 2002. Institute of Arctic og Alpine Research, University of Colorado at Boulder, pp 23-25.
  3. Schirrmeister, L., H.-W. Hubberten, V. Rachold og V.G. Grosse, 2005, Lost world - Late Quaternary environment of periglacial Arctic shelves og coastal lowlands in NE-Siberia. Arkivert 2011-07-18 ved Wayback Machine. 2nd International Alfred Wegener Symposium Bremerhaven, 30. oktober - 2. november 2005.
  4. 4,0 4,1 Alekseev, M.N., 1997, Paleogeography og geochronology in the Russian eastern Arctic during the second half of the Quaternary. Quaternary International. vol. 41-42, s. 11-15.
  5. Makejev, V.M., V.V. Pitulko og A.K. Kasparov, 1992, The natural environment of the De Long Archipelago og ancient man in the Late Pleistocene og Early Holocene. Polar Geography and Geology. vol. 17, no. 1, s. 55-63.
  6. Kosko, M.K., 1992, Major tectonic interpretations og constraints for the New Siberian Islands region, Russian Arctic. 1992 Proceedings International Conference on Arctic Margins, International Conference on Arctic Margins, US Marine Management Service, Alaska Region, Anchorage, Alaska, s. 195-200.
  7. Kosko, M.K. og G.V. Trufanov, 2002, Middle Cretaceous to Eopleistocene Sequences on the New Siberian Islands: an approach to interpret offshore seismic. Marine and Petroleum Geology. vol. 19, no. 7, s. 901–919.
  8. De Long, George Washington, 1883, The Voyage of the Jeannette. Boston: Houghton, Mifflin og Company.
  9. Bureau of European og Eurasian Affairs, 2003, US State Department Fact Sheet. Washington, DC
  10. Secretary of the Navy, 1882, The Jeannette Expedition in Report of the Secretary of the Navy, for the Year 1882. Arkivert 2008-04-07 ved Wayback Machine. US Government Printing Office, Washington, DC
  11. Headland, R. K.,1994, OSTROVA DE-LONGA ('De Long Islands'), Scott Polar Research Institute

76°39′N 153°39′E / 76.650°N 153.650°E / 76.650; 153.650