Deborah Ann «Debby» Ryan[3] (fødd 13. mai 1993)[4] er ein amerikansk skodespelar, songar-låtskrivar og plateprodusent.[2] Ho byrja spele i Disney Channel-serien Jessie i 2011. Ho er også kjend for rolla som Bailey Pickett i The Suite Life on Deck frå same kanal.

Debby Ryan

Debby Ryan at the Radio Rebel premiere in 2012.
Fødd13. mai 1993 (30 år)
FødestadHuntsville i Alabama i USA
FødenamnDeborah Ann Ryan
OpphavUSA
AktivFrå 2006
SjangerPop, country, folk[1]
Instrumentpiano, vokal
Tilknytte artistarThe Never Ending
PlateselskapRyan River Studio
Verka somSkodespelar, songar, låtskrivar, plateprodusent[2]
Gift medJosh Dun

Ryan blei fødd i Huntsville i Alabama.[4][5] Far hennar var i militæret, og ho voks opp fleire stader i Europa. Fram til ho var 10 år budde ho i Tyskland, og snakkar både tysk og engelsk.[6] Ryan byrja opptre i teater frå ho var sju år gammal, og har teke del i ulike talenttevlingar.[7]

I 2007 var ho med i Barney & Friends og DVD-en Barney: Let's Go to the Firehouse før ho blei oppdaga av Disney. Ho har også teke del i spelefilmen The Longshots (2008). I 2010 spelte ho i Disneykanal-filmen 16 Wishes, som hadde eit noko eldre publikum enn vanleg for kanalen.[8][9][10] Seinare tok Ryan del i indie-filmen What If.... I 2012 hadde ho ei hovudrolle som Tara Adams i Disney Channel-filmen Radio Rebel. I 2012 skipa ho bandet The Never Ending som først opptredde offentleg i 2013.[11]

Kjelder endre

  1. «Taylor Swift, Katy Perry Helped Inspire Debby Ryan's Debut Album». MTV. Henta 19. oktober 2009. 
  2. 2,0 2,1 «Debby Ryan – Made of Matches». Cartoon Doll. 23. oktober 2012. Henta 31. oktober 2012. 
  3. «Debby Ryan (TheDebbyRyan) on Twitter». Henta 17. november 2009. «it's Deborah; call me Debs.» ; Fan's Dayyy!. Debby Ryan's official YouTube channel. September 16, 2009. Hendinga skjer ved 2:19. «My full name is Deborah Ann...» 
  4. 4,0 4,1 «Debby Ryan "Jessie"». Disney Channel Media Net. Arkivert frå originalen 28. oktober 2012. 
  5. «Meet Debby Ryan». Spartanburg Herald-Journal. December 2, 2008. Henta November 19, 2012. 
  6. "Meet the co-stars: Debby Ryan" (May 2009). People Magazine. "I’m a nerd. I was in chess club. I went to mascot camp. In eighth grade I was the mascot of my school: a wildcat. I still have the old costume in my dressing room. It reminds me every day to go big and have energy"
  7. «Debby Ryan: The Dream». Arkivert frå originalen 21. august 2008. Henta 22. juni 2008. 
  8. «World Premiere Of ’16 Wishes’ Is Friday Cable’s No. 1 Telecast In Total Viewers». Arkivert frå originalen 3. juli 2010. Henta 22. juni 2010. 
  9. «Friday Cable Ratings: 16 Wishes Premieres Big; Party Down, Gravity Finales Finish Small - Ratings». TVbytheNumbers. Arkivert frå originalen 2. juli 2010. Henta 4. april 2012. 
  10. «Cable TV Top 25: BET Awards, 16 Wishes, USA/Algeria Match Top Week’s Cable Shows». Arkivert frå originalen 2. juli 2010. Henta 22. juni 2010. 
  11. «Debby Ryan and the Never Ending Release Santa Baby». BSC Kids. Arkivert frå originalen 16. januar 2014. Henta 7. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff endre